Får etterspurd helsekompetanse i ny vidareutdanning

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

fe288a7a18c1620ee576a5247e4213ee
Oda Strømstad Sunde (f.v.), Malin Elvedeal Grendal, Marte Nystøyl Sæther, Charlotte Brundtland og Silje Helene Vågen er tilbake på skulebenken. 

Då vi omtalte planane for den nye vidareutdanninga i november skreiv vi at endringar i organisering av velferdstilbodet har ført til at sosialarbeidarar i dag møter situasjonar der helsefagleg kompetanse vert etterspurt. I same sak uttalte Silje Anine Bell, leiar for avdeling for utdanning og personellplanlegging i Helsedirektoratet, mellom anna følgjande om den nye vidareutdanninga som er den einaste av sitt slag i landet:

– Dette er eit godt metodisk døme til etterfølging, der ein spelar på samspelet i helsetenesta. Det er dystre spådomar om mangel på helsepersonell i framtida. Ein ser at det vil verte vanskeleg å oppnå dei kvantitative måla for helsepersonell, difor er det viktig at ein ser på dei kvalitative måla.

Fredag vart den første av tre samlingar gjennom året avslutta for det nettbaserte studiumet som tel 30 studiepoeng og går over to mester. På tampen av dagen trefte vi fem av studentane som nesten opplevde den første samlinga som ein reunion. Charlotte Brundtland, Oda Strømstad Sunde, Malin Elvedal Grendal, Silje Helene Vågen og Marte Nystøyl Sæther var alle ferdig sosionomutdanna ved Høgskulen i Volda (HVO) våren 2016, men var meir enn klar for å sette seg på skulebenken igjen då dei fekk høyre om den nye vidareutdanninga. Dei er av dei heldige 20 som har fått plass på utdanninga som vart fullteikna få dagar etter at det vart opna for søking.

Les meir om Helsefag for sosialarbeidarar her.

Meir attraktiv for jobb

Fire av femkløveret har fått seg relevant jobb etter at dei vart sosionomar, men dei har allereie merka at det hadde vore ein fordel med meir helsefagleg kompetanse.

– Helsefag er noko som manglar i sosinomutdanninga, og når dette tilbodet kom rett etter at eg var ferdig utdanna skjønte eg ikkje kvifor eg skulle vente med å ta den. Difor er eg her i dag, seier Brundtland.

Strømstad Sunde søker fortsatt etter jobb som sosionom. Hun ser difor på dette som ei moglegheit til å stå sterkare i den prosessen.

– Det har vore vanskeleg for meg som er 22 år å få jobb med ein bachelorgrad. Eg håper at denne vidareutdanninga kan gjere meg meir attraktiv på arbeidsmarknaden.

Når Vågen legger til at det ikkje er for deira eigen skuld at dei tek utdanninga, men for dei dei skal arbeide med, nikkar klasseveninnane hennar.

Snakke same språk

Spådomane har til dels vore dystre når det i media har vore snakka om kven som skal fylle oppgåvene i helse- og omsorgstenesta i framtida. Fleire meiner at ein ikkje vil ha hender nok til å hjelpe alle dei som vil trenge det. Helsefag for sosialarbeidarar tek sikte på å kvalifisere sosialarbeidarar til å kunne fange opp kliniske teikn, gi medisin og observere biverknader, som vil legge grunnlag for ein breiare funksjon og gi større fagleg breidde. Ein vil også rette merksemda mot tema som kan fremje helsevennlige val (mellom anna fysisk aktivitet, ernæring og hygiene). Det vil gjere at sosialarbeidarar med denne vidareutdanninga kan dekke fleire arbeidsoppgåver.

– Eg ser ikkje dette slik at vi skal ta over arbeidsoppgåver frå andre profesjonar, men vi skal få kunnskap til å kunne samarbeide med andre fagfelt, svarer Vågen og får støtte av Nystøyl Sæther som snakkar etter si erfaring frå det dryge halvåret i arbeidslivet:

– Eg vil skjønne meir kva ein sjukepleiar og vernepleiar snakkar om. I dag kan det vere slik at dei snakkar om faglege ting som eg ikkje forstår og motsett.

Gjennom utdanninga skal studentane få medisinkompetanse, som dei ikkje hadde frå før.

– Den kompetansen er viktig, og vi vil kunne forstå symptom på dei ulike sjukdommane. I sosionomutdanninga lærte vi å legge til rette for pasientar og brukarar, men vi visste ikkje kva vi la til rette for. Det får vi lære no, fortel Nystøyl Sæther.

39f82a762e38f1a70542f6543c58097b
Her er den første klassen som tek Helsefag for sosialarbeidarar samla under den første samlinga deira ved Høgskulen i Volda.

Første gang

Onsdag stod Johann Roppen, rektor ved HVO, for den offisielle opninga av Helsefag for sosialarbeidarar. I talen sin sa han mellom anna:

– Blant anna har det kome svært positive signal frå Helsedirektoratet. Det er viktig og eit teikn på at dette fagleg sett er rett studium til rett tid – og eg trur det er eit teikn på at også arbeidsmarknaden ser at dette studiet kan gje nødvendig og etterspurt tverrfagleg kompetanse. Dette er også spennande fordi vi vil drive utdanninga på ein utradisjonell måte – gjennom ein kombinasjon av nettstudium og med samlingar. Dette er det første tilbodet på sosialfag etter ein slik modell. 

Går godt saman med jobb

Den første samlinga på tre dagar har gått med til å verte kjend med klassa, få informasjon om utdanninga og ein del førelesningar. Dei har også fått møtt dei fleste faglærarane og instituttleiar for Sosialfag Jan Einar Flø og høgskulelektor Anne-Sofie Egset, som har vore pådrivarane for utdanninga.

Veninnegjengen på fem synast det verkar lovande:

– Det verkar som dei har førebudd seg godt og tenkt i alle moglege retningar. Vi får læringspakkar for to-tre veker som inneheld pensum, oppdrag og læringsmål. Mellom samlingane skal vi arbeide i læringsgrupper. Å ta det over nett verkar ikkje som noko problem. Det ser ut som det skal gå greitt å arbeide samstundes som ein tek studiet, då får vi også fordelen med å prøve ut det vi lærer i jobben vår, smilar kvintetten.

Del på