Styrker praksissamarbeidet i Tanzania

Eit besøk frå Tanzania til Volda skal vere med på å gjerde praksisopphalda enda berte for sosionom- og barnevernsstudentane som reiser til det afrikanske landet.

Besøk frå Tanzania til Høgskulen i Volda

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Del på:

Eit besøk frå Tanzania til Volda skal vere med på å gjerde praksisopphalda enda berte for sosionom- og barnevernsstudentane som reiser til det afrikanske landet.

Heilt sidan 2016 har Institutt for sosialfag (ISF) organisasjonen World Unite (WU) i Tanzania om praksisgjennomføring innanfor sosialt arbeid på ulike lokale destinasjonar. Ordninga er for studentar på bachelorgradsprogramma i sosionom og barnevernspedagog.

I år har ISF tildelt 14 studentar praksisplassar i Tanzania, og spente studentar møtte til sin første arbeidsdag på Zanzibar og i Kilimanjaro-provinsen førre veke.

Samarbeidet inneber at WU gjer avtalar med sosialfagleg relevante organisasjonar om å ta imot, følgje opp og rettleie studentar i praksisperioden som går over heile femte semester. Organisasjonen gir studentane ei kulturell orientering når dei kjem til Tanzania, og bidreg med praktisk hjelp til mellom anna bustad og visum.

Kontaktlærarar frå Høgskulen i Volda besøker studentane på praksisplassane årleg, og ser WU sin lokalkunnskap og oppfølging av studentane som viktig for studentane si læring og tryggheit.

Gjesta Volda for å vidareutvikle samarbeidet

For første gong har ein av dei viktigaste lokale samarbeidspartnarane i Tanzania hatt anledning til å besøke Norge og Høgskulen i Volda. Nyleg gjesta World Unite sin Country Coordinator Tanzania, Adelina Michael, Institutt for sosialfag, der ho delte av sine erfaringar frå samarbeidet med Høgskulen i Volda.

Adelina Michael opplever studentane frå Volda som kunnskapsrike, nysgjerrige og godt førebudde for praksisperioden. I møtet diskuterte ein både kva kunnskap studentane har/bør ha med ut i internasjonal praksis, kva forventningar om læringsutbytte som ligg i strukturar HVO er underlagt og korleis ein kan vidareutvikle dette praksissamarbeidet.

Unik kompetanse

Som utbytte frå semesteret i ein tanzaniansk kulturell kontekst meiner Michael studentane får med seg heim mange lag med læring, ikkje berre om sosialt arbeid, men også om andre kulturar og menneske sine levekår i ulike samfunnsmessige og kulturelle kontekstar.

– Det er kunnskap og kompetanse som gir rikare forståing for viktige omgrep som fattigdom, likestilling og minoritet. Viktig forståing i ein sosialfagleg praksis, meiner Michael.

Under her kan du sjå bilde fra institusjonar i Tanzania, da Michael gjesta Volda og då Volda-lærarar gjesta Tanzania.

Betre rusta til arbeidslivet

Høgskulelektorane Ann-Iren Høgalmen og Malene Øvrelid har ansvar for oppfølging av studentane som gjennomfører praksis i Tanzania. Dei fortel om studentar som kjenner seg betre rusta til eit fleirkulturelt arbeidsliv etter eit semester i Tanzania.

– Studentane har med seg heim ei større forståing for korleis minoritetsgrupper i Norge kan ha det, meir erfaring frå tverrkulturell kommunikasjon, dei har blitt utfordra på mange område og kjent kulturforskjellane på kroppen, seier Høgalmen og Øvrelid.

PS! Adelina Michael var storleg imponert over Høgskulen i Volda og dei naturgitte omgjevnadane studentane kjem frå! Spesielt inntrykk gjorde dekan ved Avdeling for samfunnsfag og historie, Jorunn Sem Fure, sin invitasjon til lunsjbesøk på Stadtlandet med innlagt vassing i Hoddevika.

Del på: