Unik praksis i Nairobi
Å studere barnevernspedagogikk i Volda byr på inspirerande erfaringar ein har med seg resten av livet. Møt nokre av studentane, som har hatt praksis i slummen i Nairobi. Der deltok dei i viktig arbeid på eit senter inspirert av eit dagsenter i Volda.

Barnevernspedagogstudentane fekk eit meiningsfylt praksisopphald med sterke opplevingar og viktige erfaringar i Kenya. Her ser vi Malin i framgrunnen og Gina bak til venstre i arbeid med dei sårbare barna ved Mathare Care Center. Foto: Ann-Iren Høgalmen.
Vi har tatt ein prat med tre studentar som går på bachelor i sosialt arbeid, barnevernspedagog ved Høgskulen i Volda og nyleg vore heilt til Aust-Afrika på utveksling.
Dei har alle ulike grunnar til studievalet, men ingen av dei har angra på at dei gjekk for å verte barnevernspedagog på tre år i den sunnmørske studiebygda.
Gina Skibevåg Eriksen (24) frå Stavanger studerer barnevernspedagogikk ved Høgskulen i Volda og er tydeleg på kvifor ho valde denne studieretninga og studiestaden.
– Eg visste at eg ikkje ville studere i nærområdet, så eg enda på Volda etter at eg las om utveksling- og praksistilbodet ved høgskulen, fortel ho.
Malin Flusund Løvlid (24) og Kenneth Finborud (25) studerer også barnevernspedagogikk. Begge er einige om at dei hadde eit ønske om å jobbe med menneske.

Praksis blant barn med nedsett funksjonsevne i slummen i Kenya
Då det var tid for val av praksisplass, opplevde studentane at det var hard konkurranse om plassane. Alle tre hadde eit afrikansk land på førsteplass, nærare bestemt Tanzania.
– Eg var først litt usikker då eg fekk tilbodet om senteret i Kenya, men eg tok sjansen, då det er ei moglegheit eg sannsynlegvis berre får éin gong i livet, seier Malin.
– Eg ville til eit afrikansk land for å oppleve korleis dei lever der, samanlikna med korleis vi lever i Noreg. Eg ønskte å få eit større innblikk i livet deira, fortel Kenneth.
Hausten 2024 var det tid for praksis, og desse tre studentane var på praksis i Kenya i fire månadar. Dei vart utplasserte på senteret Mathare Care Center i slummen i Nairobi. Dette senteret arbeider med å auke livskvaliteten til barn med nedsett funksjonsevne i eit område prega av fattigdom og harde kår.

Førebudde på kultursjokk
Då studentane kom fram til Nairobi, var dei førebudde på eit kultursjokk. I førekant av praksisen var det søkjelys på å respektere og ikkje trakke over grensene til folka dei møtte.
– Eg var litt redd for å trakke feil, men det viste seg at det var motsett: Dei var veldig interesserte i å lære korleis vi gjer ting i Noreg, skildrar Gina.
Spesielt éin ting sette seg hjå Kenneth.
– Det var sett sterkt ned på å lukte på maten før ein åt, og der gjekk eg på nokre smellar. Det handla om å vere takksam for maten ein fekk. No er det faktisk ei stund sidan eg har lukta på maten min, flirar han.
Korleis var kommunikasjonen mellom dykk og dei som var der?
– Rettleiaren vår kunne litt norsk, men vi snakka mest på engelsk. Eg opplevde det som at mange kunne litt engelsk, fortel Malin.
– Eg prøvde meg litt på å snakke swahili, då eg såg det som ein bra innfallsvinkel. Eg starta med å drite meg ut, og det fekk fram latter, seier Kenneth.

Inspirasjon frå Hamna dagsenter i Volda
Sjølv om senteret i Nairobi er i ein heilt annan del av verda, er den likevel nært knytt til Volda.
Grunnleggjaren av senteret, Elizabeth Waithera, fekk i 2009 besøke Volda gjennom eit utviklingsprosjekt. Her vart ho kjent med Merkesteinane og Hamna dagsenter, som inspirerte ho til å få til endringar på heimstaden sin.
Etter eit par år i Volda reiste ho heim til Mathare med ideen om å starte opp eit senter med inspirasjon frå dagsenteret i Volda. Les meir om Waithera i denne NRK-artikkelen.
Malin var imponert over senteret i slummen.
– Tilbodet dei har på senteret, er kjempebra, spesielt sidan kulturen er slik at funksjonsnedsettingar er tabu. Dei hadde barn der som tidlegare ikkje klarte å gå, men som no klarer det etter hjelp av fysioterapeuten på senteret. Eg synest også det er eit bra tiltak at mødrene får moglegheita til å få gratis barnepass på senteret, slik at dei sjølve kan jobbe, fortel ho.
Mathare Care Center opplevde studentane som viktig for fleire enn berre familiane som nytta senteret.
– Senteret var ein trygg base for både familiane og menneska i slummen generelt. Det var eit trygt samlingspunkt der ein kunne sosialisere seg, seier Kenneth.

Fire månader med sterke inntrykk
Studentane fekk oppleve meir enn berre senteret sine veggar. Dei deltok i ulike typar samfunnsarbeid, men spesielt heimebesøka gav dei moglegheita til å få oversikt over situasjonen og behovet for senteret.
– Det var ein situasjon i førekant av praksisen vår der ei mor hadde mista barnet sitt, som var knytt til senteret. Då hadde ein heimebesøk for å følgje dei opp i etterkant, seier Gina.
Etter den fire månadar lange praksisen sit dei igjen med unike erfaringar og minner. Alle tre er einige i at dei kjende seg verdsette – dei vart sett på som verdifulle ressursar.
Gina meinte det var noko unikt ved praksisstaden deira.
– Vi fekk moglegheit til å vere veldig kreative. Vi fekk spørsmål om kva vi gjorde i Noreg, og om vi ville teste ting ut. Det trur eg var unikt for vår praksisstad, skildrar ho.
– Noko eg vil hugse ekstra godt, er eit barn eg vart glad i. Han kunne verken gå eller snakke, men smilte og var glad og likte å danse til musikk, fortel Gina.
Malin og Kenneth hugsa spesielt godt ei lita jente som smilte heile tida.
– Ho var alltid glad, og gleda hennar gjorde kvardagen min betre, seier Kenneth.
– På førehand var eg spent på om eg kom til å klare 16 veker i praksis, men plutseleg var halve tida gått. Tida gjekk veldig fort, fortel Malin.
Viktig med internasjonal praksis før arbeidslivet
Studentane er tydelege på kvifor ein slik praksis av typen dei hadde ved senteret i Mathare, er viktig i barnevernspedagogutdanninga.
– Du får ikkje same moglegheit i Noreg, spesielt med tanke på fattigdom, seier Gina.
Høgskulelektor Ann Iren Høgalmen og høgskulelektor Malene Øvrelid ved Høgskulen i Volda er kontaktlærarar for studentane. Lærarane fekk sjølv besøke studentane i Mathare i oktober. Øvrelid fortel kvifor praksis i utlandet er viktig i denne utdanninga:
– Eg tenkjer at det er viktig å tilby studentane våre internasjonal praksis av fleire grunnar. Noreg har eit stort kulturelt og religiøst mangfald, og dette kan utfordre sosialarbeidaren si forståing av sentrale omgrep som eksempelvis barnets beste og god nok omsorg. Barn og ungdom med innvandrarbakgrunn er også overrepresenterte som mottakar av hjelpetiltak i heimen og i plasseringstiltak. Årsaka til dette er sjølvsagt samansett, men dette fordrar at framtida sine sosialarbeidarar mellom anna har tilstrekkeleg kompetanse i møte med menneske sine ulike kulturelle og religiøse bakgrunnar.

Ser fram til meiningsfulle roller i arbeidslivet
Dei tre studentane er no inne i siste semester i utdanninga si og førebur seg på skriving av bacheloroppgåva. Dei ser tilbake på utdanninga si og reflekterer over valet. Alle tre er einige i at dei anbefaler andre å bli barnevernspedagog ved Høgskulen i Volda.
Gina valde studiet delvis på grunn av praksistilbodet til høgskulen, og ho er nøgd med valet.
– Det er sikkert eit kjedeleg svar, men det er eit bra studentmiljø her, smiler Gina.
– Studiet passar bra dersom ein vil jobbe med folk, og det er masse jobbmoglegheiter, seier Malin.
– Det er massevis av folk å verte kjent med. Alle har kontaktar, og ingen sit aleine. Du får også tid og rom til å setje deg inn i faget, fortel Kenneth.
Etter snart tre studieår har dei gjort seg opp ei meining om kva som kan vere draumejobben. Utdanninga gir eit hav av moglegheiter i arbeidslivet, og dette speglar seg i studentane sine framtidsønske:
– Vi hadde også praksis det første året, og det var veldig gøy. Då observerte eg miljøterapeutar på ein skule. Det kan eg tenkje meg å jobbe med, fortel Malin.
Gina er interessert i å prøve seg i NAV:
– Eg snakka med folk som var i praksis der, og det verkar spanande med ein fleksibel arbeidskvardag, seier ho.
– Eg har lyst å få meg ein internasjonal jobb som liknar på praksisen, kanskje i Nairobi – eg vil gjerne halde fram med dét ei stund til, fortel Kenneth.