Nye uteksaminerte barnevernspedagogar og sosionomar

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Stemmebandet innleia høgtida med song, og det var talar frå instituttleiar Hallgerd Conradi og studentane sjølve ved Ingrid Rødset og Elin Kjalnes. 

Conradi peika på den store innsatsen som dei tre åra i profesjonsstudiet representerte for kvar einskild, men oppmoda dei til å vere audmjuke.  Profesjonskvalifisering er meir enn tre år i eit profesjonsstudium. Ein må vere open for at ein ikkje er ferdig, vere sensitiv i møte med det nye og ukjende, samt vere open for å forandre seg, fortalde Conradi.

Studentane Ingrid Rødset og Elin Kjalnes peika på at det hadde vore krevjande år, men at dei hadde sett utvikling hjå medstudentane, især då dei kom attende frå praksis. Dei fortalde også at dei har merka stor utvikling blant lærarane. Lærarane kvitterte på si side med eit for høvet samansett instituttkor med vemodig avskildssong. Profesjonsmarkeringa vart avslutta med fotografering og fingermat.

11d0e1e7f4c3bcd984cf6d2cca77a7bf77f1a9fc

Foto: Høgskulen i Volda

Del på