Saman om omsorg

- Alle desse utdanningsgruppene jobbar med barn i forskjellige fasar i livet og ein betre kommunikasjon mellom dei vil gi barnet betre behandling og gjere møtet med barnevernet tryggare, seiar barnepsykolog Vigdis Bunkholdt.

a19b54876853182ee4e06ada141160dc4492c69dDenne veka arrangerer Høgskulen i Volda eit tverrfaglig seminar for studentar ved barnevernspedagog-, sosionom-, barnehage-, og grunnskulelærarutdanningane . Anne Marie Verpe, lektor i sosialfag fortel at SOM-seminara er noko som har blitt arrangert på Høgskulen i Volda sidan midten av 90-tallet og har som mål å auka forståinga om korleis ein kan betre kommunikasjonen og samarbeidet mellom disse profesjonane når det gjeld barn som treng ekstra omsorg.  Seminaret gir ei auka forståing for korleis barnevernet i praksis jobbar med barn. Målet er at studentane skal jobbe i grupper på tvers av utdanningane for å få kunnskap og forståing for kvarandre. Studentane blir på slutten av veka utfordra på en real case som dei skal løysa ilag i dei same tverfaglege gruppene.

Flott initiativ

Barnepsykolog Vigdis Bunkholdt, som har vore med som foredragshaldar på SOM-seminaret i over ti år, fortel at det er eit flott initiativ ifrå høgskulen å sette opp eit seminar med dette temaet, for det er noko vi ser at det er manglande kunnskap om.

-Alle desse utdanningsgruppene jobbar med barn i forskjellige fasar i livet og ein betre kommunikasjon mellom dei vil gi barnet betre behandling og gjer møtet med barnevernet tryggare. Media framstiller ofte barnevernet med noko negativ og det er fordi kunnskapen om korleis barnevernet jobbar er mangelfull. Det er mange som blir overraska når eg fortel at nesten 90 % av jobben som barnevernet gjer er i samhandling med foreldre og føresette.

Nina Holsvik som studerer andre året ved barnevern meiner det er viktig med fokus på kompetanse og mestring. Det er borna som blir ramma av at samfunnet ar manglande kunnskapar og da oppstår det fordommar. Ho synes seminaret denne veka har eit flott opplegg og oppfordrar avdelinga til å arrangere fleire slike seminar. 

Del på: