Studer sosialfag i Volda

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

190c420e725e2f2da49b58ddcdf0117c

Ingrid hadde høyrt mykje positivt om Volda før ho sjølv begynte som student her.  No er ho snart ferdig utdanna sosionom.

I den tre månader lange praksisperioden i det tredje studieåret fekk Ingrid jobbe i psykiatrien.  

─ Dette var for meg den beste og mest lærerike perioden i studiet så langt. Eg fekk innsikt i korleis denne typen arbeidsplass fungerer samtidig som eg fekk oppleve korleis ein samhandlar i eit stort tverrfagelig team. Eg fekk også større kunnskap om psykiske lidingar. Eg er glad for eg fekk høve til å få ein slik praksis.  

Når Ingrid er ferdig med studia i Volda,  ønskjer ho å jobbe innan psykiatrien.  

─ Eg er framleis nysgjerrig på psykiatrien, men sosionomstudiet opnar opp for mange andre spennande jobbar, understrekar ho. 

kompetente fagfolk

Høgskulen i Volda er den sosialarbeidarutdanninga i landet som har høgst kompetanse blant dei fagtilsette. Fleire forskar på profesjonsrelevante tema ved sidan av undervisninga og bringer slik kunnskapen inn i studiet, og fleire av dei tilsette har mange års røynsle frå praktisk sosialfagleg verksemd.

ba2f471db82d03f85a70eff4b2697b10

Marianne ønskjer varierte oppgåver i jobben sin. Utdanninga frå Volda gir henne høve til å søke på fleire ulike og spanande jobbar.

– Vi har mange kompetente og engasjerte forelesarar. Koplinga mellom teori og praksis i studiet er god, seier Marianne.

I femte semester fekk Marianne ein praksisplass i Brasil.

─ I Brasil fekk eg møte mange utruleg flotte og opne menneske som sleit med ulike vanskar sosialt, psykisk og økonomisk. Det var ein lærerik periode der vi jobba på tvers av fag, samarbeidde med ulike organisasjonar og fekk lære mykje om førebyggande arbeid, seier ho.

Etter studiet ønskjer Marianne å jobbe i eit utfordrande miljø. 

─ Eg har tidligare jobba i rusomsorga og treivst utruleg godt som miljøterapeut. No vil eg jobbe og få meg meir erfaring i praksisfeltet før eg tar ei eventuell vidareutdanning eller mastergrad.

Studentaktive undervisningsformer

Sosialfagutdanningane legg vekt på å skape eit aktivt læringsmiljø der studentane bidrar i undervisninga og i gruppearbeid. Det er vanskeleg berre sitte heime og lese seg til eit slikt yrke. Derfor er det krav om nærvær i undervisningsopplegga. Dette fører til levande diskusjonar og møteplassar i fritimar og pausar.

Samarbeid

Som nyutdanna går barnevernspedagogar og sosionomar i hovudsak til ein felles jobbarena. Dei bidreg med ulik kompetanse i barnevernet, NAV, i helseføretak, institusjonar, familievern, frivillege organsasjonar og på mange fleire område. I Volda har vi tatt konsekvensen av dette. Dei to studietilboda har mykje felles, slik at ein som sosialarbeidar vert godt kjende med kvarandre sin profesjon i løpet av studietida.

Spennande fag

Barnevernspedagogar og sosionomar treng god teoretisk ballast frå fag som sosiologi, psykologi, jus, sosialt arbeid og sosialpedagogogikk for å hjelpe andre menneske. Førelesingar og tileigning av faglitteratur er viktige læringselement. Men desse faga får ein best forståing for når dei vert kombinerte med ulike studentaktive læringsmåtar.

I studietida er det ekskursjonar, eigne prosjekt, feltobservasjonar, kommunikasjonsøvingar med rollespel og video, dramaundervisning.

 ce12975e0c55b44f340dd57487da8994

Jan Åge har vore lenge i arbeidslivet. Han har mellom anna jobba med anleggsarbeid og lagerarbeid før han bestemte seg for å byrje på barnevernspedagogstudiet ved Høgskulen i Volda.
 

 I løpet av studietida har Jan Åge mellom anna hatt praksis ved eit asylmottak.
 
─ Det har vore spanande å møte engasjerte, kompetente og erfarne sosialarbeidarar på asylmottaket. Eg har lært meg sjølv å kjenne i møte med nye utfordringar og menneske.
 
─ Eg vil gjerne jobbe med førebyggande arbeid retta mot barn og unge, seier han.

Studieopphald i utlandet

Høgskulen i Volda er blant dei høgskulane i landet som legg mest vekt på internasjonalisering. På campus er det studentar frå alle delar av verda. I studietida som barnevernspedagog eller sosionom, kan ein reise til land og utdanningar høgskulen har samarbeidsavtale med, som t.d. Hawaii i 3. semester, eller ha klientpraksis i Kenya eller India i 5. semester. I prosjektperioden i 2. klasse kan ein og velje å leggje prosjekt til utlandet.

11fb44afd31974e0906ca55ad7ac4e15

Frå praksis i India.

Vidare med mastergrad

Eit bachelorstudium i sosialt arbeid i Volda inneber at ein òg kan ha høve til vidare påbygging til mastergrad. Somme vel å jobbe nokre år etter avslutta barnevernspedagog,- eller sosionomstudium, andre søkjer seg direkte inn på mastergraden i helse og sosialfagleg arbeid; Meistring og myndigjering. Her kan ein spesialisere seg mot barnevernsarbeid, rusarbeid, livsløp eller leiing.

Dette er samlingsbaserte emne som gjer at ein kan ta utdanninga di over langs og mens du er i arbeid andre stader.

Les meir:

Praksis i Kenya

Praksis i India

Del på