Absurde scener på Høgskulen i Volda

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Drama II ved HVO viser teaterframsyninga

Første og einaste scene

Eit stykke basert på tekster av Eugene Ionesco og Samuel Beckett

Torsdag 21.03. kl 14.00 og 19.00
Det nye dramarommet , Kaarstadbygget

----
Eit karakteristisk trekk ved den absurde dramatikken er isolasjon av menneska, der dei kan fange seg sjølve i psykologiske bur ut i frå idèar om at dei må vente på noko (som i Godot). Ein konsekvens av dette vert språket si meiningsløyse. Denne manglande meininga i språket gjer den tilsynelatande realistiske situasjonen absurd. Likevel er dette scener vi kan kjenne oss att i. Våre samtalar i kvardagen er ofte prega av gjentakingar til det absurde der vi snur og vender på uttrykk og meiningar.


drama4.jpg

Det er fire skodespelarar på scena gjennom heile stykket. Desse er frå venstre: Caroline Nerbøvik, Bente Vik, Liv Annbjørg Eidhamar og Nina Berge.


Regien i stykket har høgskulelektor Sigrun meisingset stått for.


Del på