Alle vegar fører til Roma

Tekst:

- Oppdatert

Sterke inntrykk frå vakker arkitektur og kunst frå antikken til våre dagar, fagleg inspirasjon frå dyktige omvisarar, føredragshaldarar og medstudentar, samt smerte frå gnagsår etter mykje vandring. Dette er nokre av erfaringane historiestudentane sit att med etter studieturen til Roma.

Om dei ansvarlege for ekskursjonen ved Historisk institutt, Arnfinn Kjelland og Hans Jacob Orning, har tenkt på det gamle ordtaket «alle vegar fører til Roma» under planlegginga av ekskursjonen, er uvisst. Sitatet av ukjent opphav kan skrive seg frå tida då Roma var sentrum i Romarriket, og det vel utbygde vegsystemet i keisartida gjekk frå Roma sitt sentrum til alle delar av riket. At Roma vart rekna som sentrum i kristenheita, kan også forklare ordtaket. I overført tyding kan det handle om å nå eit felles mål ved hjelp av ulike metodar, og i så måte gav studieturen 6. til 11. mars deltakarane ei unik moglegheit til auka forståing av sentrale historiefaglege problemstillingar.

Studentpresentasjonar

Både studentar og tilsette ved historisk institutt budde i nærleiken av Termini, sentraljernbanestasjonen i Roma. Dette var eit ideelt utgangspunkt for dei daglege ekskursjonane på programmet. Studentar ved Hi100, eit historisk innføringsemne som gir innføring i sentrale  spørsmål og arbeidsmåtar i historiefaget, hadde i forkant av studieturen førebudd framføringar om bygg og områder i Roma. Dette vart ein interessant og studentaktiviserande del av studieturen.

Vakker kyrkjekunst

Første ettermiddagen i fint vêr og sol tok Hans Jacob Orning oss med på kyrkjeomvising i Termini-området. Han fekk også hjelp av studentar med framføringar om visse bygg undervegs på turen. Roma er kjend for sine mange kyrkjer, og først fekk vi oppleve den store kyrkja Basilica di Santa Maria Maggiore, som vart bygd på 400-tallet, tidleg etter kristninga av Romarriket under keisar Konstantin og Theodosius på 300-tallet. Sjølv om kyrkja er mykje endra i seinare tid, blant anna med ny fasade, har den framleis den originale strukturen.  Det mest spesielle vi fekk oppleve i denne kyrkja var fantastiske veggmosaikkar frå sein-antikken på 400-talet. Mosaikken skildra sener frå Det gamle testamentet, der Jesus var plassert inn i motiva, mest truleg for å skape ein samanheng mellom Det nye- og Det gamle testamentet.

Vidare gjekk vi til to kyrkjer som var dedikerte til døtrene til ein av dei tidlege kristne i Roma, helgenen Pudens. Kyrkjene Santa Prassede og Santa Pudenziana såg ikkje merkverdige ut frå utsida, men då vi kom inn såg vi nydeleg mosaikk frå seinantikken. Spesielt ved fleire tidlege kyrkjer i Roma er at dei som reiste dei kunne finne på å sette seg sjølv eller familiemedlemmer inn i mosaikken som del av ornamentet. I mosaikken som skildrar kjende kvinneskikkelsar frå bibelen, var døtrene til Pudens, Prassede og Pudenziana også plassert. Å plassere seg sjølv inn mellom dei heilage, kunne kanskje fungere som ei løn for strevet med å reise kyrkjer.

Santa Prassede

Kosmas- og Damiankyrkja ligg ved Forum Romanum, lett tilgjengeleg frå Via dei Fori Imperial, som er den breie vegen Mussolini fekk bygd frå bustaden sin til Colosseum. I denne kyrkja erfarte vi lag på lag med historie. Blant anna var det opna ein panoramavegg ned til ei utgraving under kyrkja, der det tidlegare hadde vore ein Romulus-kult i frå tidleg antikk tid. Noko spesielt med mellomalderkunsten i kyrkja var måten Jesus på krossen var attgjeven på. Jesus hadde på seg kongekrone og var fullt kledd, og dette bryt med tidlegare og seinare kunstnariske skildringar av Jesus på krossen.

Å forstå bygg i antikken

Den første heile ekskursjonsdagen gjekk vi samla ned til Forum Romanum som var det politiske, økonomiske og religiøse sentrum i det antikke Roma. Dette vaks fram naturleg mellom dei sju høgdene i byen. På Forum vart vi introdusert for den danske arkeologen Inge Lyse Hansen frå det amerikanske universitetet i Roma, John Cabot. Ho forklarte i store trekk korleis sentrumet vaks fram, og la stor vekt på korleis vi kan forstå bygningane reist av keisarar og/eller Senatet. Byggverka kan vi forstå som ein dialog mellom partane. Ein keisar som kom i konflikt med Senatet satt sjeldan lenge, og ein kunne ikkje berre bygge det ein følte for. Dei store offentlege bygga i Roma vart ofte reiste av rike individ som ville vise at dei gav noko tilbake til byen for å sikre si eiga politiske makt.

Ein av dei som lykkast aller best med dette var Julius Cesar, forklarte Lyse Hansen. Han bygde Basilika Julia og investerte på ein måte som Roma aldri før hadde opplevd. Ved hjelp av dette kunne han også utnemne seg sjølv til diktator over Romarriket, og sjølv om han vart drepen av senatsmedlemmar, vart aldri riket den same republikken som før. Vidare fekk vi også innføring i historia til Palatinhøgda, før vi tok turen inn på Colosseum og fekk utforske bygget meir sjølve.

Om ettermiddagen var Orning guide i Roma sentrum, og fleire studentar heldt presentasjonar. Vi var blant anna innom Diokletians termar som var eit enormt badeanlegg bygd av keisaren som innførte det absolutte keisardømme omkring 300 e.Kr. i Romarriket. Vidare gjekk turen via Piazza Barberini til Spansketrappa, Trevifontena og Piazza Navona.

Akveduktar, vegar og universitetsbesøk

Neste morgon tok vi tog ut av byen til stasjonen Capannelle, der vi kunne sjå restar i frå ein av dei elleve akveduktane som forsynte Roma med vatn. På ein kilometer hadde desse akveduktane to meter helling. Å få eit slikt system til å fungere var ei stor bragd, og fortel noko om ingeniørkunnskapen som var nødvendig for å kunne ha millionbusetnad i Roma.

Vidare vandra vi til Via Appia Antica. Dette var den viktigaste blant dei romerske vegane, og kalla ”regina viarum” som tyder vegens dronning. Vi følgde denne inn til Roma igjen, og langs vegen såg vi fleire gravminner og ruinar etter antikke villaer som eliten eigde utanfor byen. Forklaringa på dei mange gravminna langs vegen utanfor byen, er at det var ulovleg å gravlegge dei døde innanfor bymuren. Ved å sette dei langs vegen vart dei eksponert for at mange fekk sjå dei. Eit stort utgravingsfelt vi såg langs vegen var Quintillis villa. Lenge trudde ein dette var ein del av byen på grunn av storleiken. Vidare såg vi mellom anna Capo di Bove-komplekset, og gravminnet etter Cecilie Metella som vart bygd om til ei borg i mellomalderen.

Langs Via Appia Antica kom vi til St. Sebastiankyrkja, der vi fekk vi omvising av ein lokal guide i katakombane under kyrkja. Katakombane hadde blitt bygd ut sidan om lag 100 år e.Kr., og grunnen av vulkansk stein gjorde det trygt å grave ut enorme holrom under bakken.

Om ettermiddagen gjekk vi til Keiserforuma og Piazza Venezia. Vi studerte Pantheon som saman med Colosseum er av dei mest ikoniske byggverka i Roma. Vi kryssa Tiberen til andre sida av Roma og det amerikanske universitetet John Cabot. Her gav professor Tom Govero oss omvising, og svarte på spørsmål om universitetet. Synfaringa vart avslutta med fellesmiddag på ein lokal restaurant anbefalt av Govero like ved Universitetet.

Firenze

Ekskursjonen til renessansebyen Firenze med tog, vart eit høgdepunkt for mange på turen. Firenze hadde stordomstida si i ei hundreårsperiode på 13.- og 14.-årshundretalet. Firenze var med sine 300 000 innbyggarar den største byen i Italia på 1400-talet, medan til dømes Roma var nede i 15 000 innbyggjarar i same tidsperiode. Talet på innbyggjarar i Firenze har halde seg stabilt sidan renessansen. 

Vi drog først til Santa Maria Novella-katedralen, der vi såg flotte gotiske freskemaleri og tidleg renessansekunst. Her fekk vi sjå det antatt første tredimensjonale maleriet i verda, som var med på å markere skiljet inn til renesansen som periode. Vi såg også det spanske klosteret i kyrkja, med freskar frå 1360-åra.

Firenze

Vidare gjekk vi til Piazza del Duomo og det flotte Baptisteriet som hadde ”dei gyldne portane” i gull skapt av Lorenzo Ghiberti. Portane vart i samtida rekna som så fantastiske at Michelangelo ga dei namnet ”Porta del Paradiso” som tyder Paradisportane. Her såg vi også den storslåtte Santa Maria del Fiore katedralen som vart ferdigstilt i 1436. San Lorenzo og San Marco-klosteret gjorde også inntrykk.

På Piazza della Signora låg i si tid Firenzes rådhus. I dag inneheld dette Uffizigalleriet med fleire kunstverk av blant anna Michelangelo. Dei to timane vi hadde til rådigheit i galleriet flaug, og det var umogleg å studere alt. Fleire tok så turen til Ponte Veccio-brua også kalla ”gullsmedbrua”, og opp til høgda San Minato med eit spektakulært utsyn over heile Firenze. Heile den fantastiske dagen i renessansebyen hadde vi fint vêr.

Vatikanet og Ostia Antica

Siste ekskursjonsdagen tok vi metroen til stasjonen Ottaviano og rusla til Vatikanet. I Vatikanstaten gjekk vi mellom anna opp i kuppelen på Peterskyrkja, der vi fekk eit fantastisk utsyn over Roma. Etter omsyning i Peterskyrkja gjekk vi til Castel St. Angelo. Dette fungerte som borga til fleire av Borgia-pavane då dei kontrollerte Roma.

Vi tok så banen til hamnebyen Ostia Antica. Her møtte vi arkeologen Lyse Hansen igjen, og ho guida oss i ruinane frå Roma sin første koloni. Ho kopla byane saman og forklarte forholda mellom dei, og korleis hamnebyen fekk ein ny posisjon då den gjekk i frå å vere eit reint forsvarsverk til å verte hovudhandelsbyen for kornimport til Roma. Ho viste oss korleis vi kunne sjå at ruinar var kommersielle bygg, og det unike med at lagerbygga låg langs vegane inn og ut av byen. Vi fekk blant anna sjå ein antikk ete-stad, og korleis vi kan vite at dei aller fleste, både fattig og rik, budde i leilegheiter i byen. Dei aller rikaste hadde til og med innlagt vatn. Etter omsyninga i Ostia, var det uformell avslutting på ekskursjonen på kvelden.

Forum Romanum

Gjevande og lærerikt

Studieturen til Roma gav inntrykk og innsikt som er vanskeleg å erfare om ein reiser på eiga hand. Gjennom dyktige førelesarar og omvisarar fekk vi auka forståing for det vi såg og opplevde. Mellom anna fekk vi lære korleis ein kan skilje mellom kunst frå antikken, mellomalder og renessansen. Vi gjekk mykje og langt på turen, og sjølv om vi åt mykje god italiensk mat undervegs fekk vi truleg ikkje overskot av kaloriar av den grunn. Turen styrkar det sosiale samhaldet i studiet. Dei fleste studentane nytta sjansen til nokre ekstra dagar til utforsking i byen på eiga hand. Er du interessert i historie kan du med fordel la vegen føre deg til Roma med historisk institutt ved Høgskulen i Volda.

Del på