Damehuset

Tekst: Tone Solhaug

- Oppdatert

 

Historia og folket 

Ved skulestart i 2017 var vi seks unge kvinner som vann loddtrekkinga mot seks litt yngre gutar om kven som skulle få busette seg i det huset som naturleg nok fekk namnet Damehuset. Sidan den gong har nokre flytta ut, og nye har flytta inn. I dag er vi seks jenter som deler livet under dette taket som mest truleg snart blir lekk. Desse er:

Margrethe (27 år, Tvilling) som er kunstnaren som flytta frå luksushotellet Aak i Romsdalen for å søke lykka i Damehuset. Nyleg lanserte ho si eiga heimeside (pirkavmargrethe.com) og drøymer om eige galleri og Kjartan Lauritzen. 

Kathrine (26 år, Vekten), vår tidlegare befal som elskar musikk frå 80- tallet, ho byter hårfarge oftare enn dei fleste byter sokkar og har ein hemmeleg draum om å bli profesjonell svart- kvitt fotograf. 

Eira (22 år, Kreps) som er blitt instagramkjendis etter sine fantastiske danseboomerangs overalt i verden. Om du ikkje finn ho i Damehuset må du enten leite på fjellet, i siloen eller i sykkel- løypa.  

Benedikte (23 år, Vekten), trønderjenta med den særeigne latteren som slett ikkje svarar til hennar beskjedne 155 centimeter over bakken. Ho kan sette ut dei fleste med sine direkte spørsmål og sitt ærlege sinn. 

Susanne (22 år, Løven), lykketrollet frå Ås som sjarmerer alle i senk med sitt milde vesen og ville krøllar. Ho er ein organisator, snurrar gjerne ei god LP- plate ein vanleg onsdagskveld, og om du er heldig, serverer ho deg ei kald øl på Rokken.  

Også er det meg, Ragnhild (27 år, Skorpion), som trivst best blant fjell, fjord og ekte mennesker.  

Damehuset

Huset 

Damehuset er ikkje noko hypermoderne funkishus på Voldas beste vestkant med vannboren varme, designermøblar frå Italia eller boblebad i hagen. Snarare tvert i mot. Sett utanfrå kan det sjå ut som boligen til ein typisk ungkar som verken har sans for arkitektur eller er «handy» nok til å gjere førefallende vedlikehaldsarbeid. I det ein stig inn døra er det tilfeldigheitene som rår, enten blir du møtt av lukta av sure, våte fjellsko, eller så er det lukta av grønnsåpe og nybakte bollar. 
Kontrastar er tingen. Damehuset er fullt av kontrastar, og det er kanskje det vi likar aller best. 

 

Stilen 

Om man skal beskrive interiøret i Damehuset er det vanskeleg å finne eit dekkande ord, kanskje «unikt, heimekoselig med eit eksotisk innslag» er det næraste vi kjem. Vi elskar fargar, rart krimskrams, grønne plantar, heimelaga kunst, kart over verden, gamle ski og alt som forøvrig gjer eit hus til ein heim. Sjølv om mange har eit inntrykk av at vi som bur her er over gjennomsnittlig aktive, er vi ekstremt glade i å slappe av. Derfor har vi ikkje mindre enn seks sofaer, ein til kvar sjølvsagt, i forskjellige fargar i stova. I tillegg til vårt eige, meditative hjørne innreda med boho- inspirerte tepper frå india på veggen og lyslenker i ulike fargar hengande frå taket. Det nye av året er at denne kroken om nødvendig lett kan gjerast om til ei diger prinsesseseng, dersom vi alle finner ut at vi har lyst til å sove saman der i hjørnet. 

 

Felleskapet 

Felles for oss som bur i dette huset er at vi er glade i folk. Mange vil nok meine at vi har nok med oss sjølve, vi er tross alt seks vaksne menneske under eit tak. Likevel er det fine med Damehuset at det aldri er fullt, det er alltid plass til fleire. Damehuset er faktisk ei omvendt Sereptas Krukke om ein trur på denslags. Sjølvsagt har vi koselege frokostar når alle seks stolane rundt spisebordet er opptatt, men dei mest koslege har vi når vi klarar å trykke inn minst tre ekstra. Det er rundt bordet magien oppstår, det er der vi får lufta hovudet, og det er der vi løyser verdsproblem. Dei gode samtalane er i fokus, ein blir stadig utfordra på nye eller vanskelege tema, og plutseleg må ein både reflektere og ta stilling til problemstillingar ein i utgangspunktet ikkje trudde fantest. Veggane i Damehuset er dei mest tolmodige i verden, og eg trur vi alle er enige om at vi er glade for at dei ikkje har moglegheit til å gjengi alt dei har høyrt. 

Damehuset
Illustrasjon: Margrethe Furan

Ein vanleg dag 

Seks damer betyr seks liv. Vi legg oss til ulik tid, vi står opp til ulik tid, men vi møtest alltid. Kanskje har ei stått opp før resten og kokt kaffi, kanskje er vi gått tom for kaffi så eg må kjøpe ny, eller så berre køyrer vi på kafé og tek morgenkaffien der. Kanskje har vi bestemt oss for å gå ein tur dagen i forvegen, men så vakna vi opp til regn og lågt skydekke også plutseleg vart dagen endra frå turdag til filmdag i staden. Kanskje vakna vi opp og drøymer oss avgarde til eksotiske destinasjonar på andre sida av verda, sjekkar bankkontoen, og finn at pengane ikkje strekker til. Så ommøblerer vi stova, samlar alle plantane vi eig, finn fram dei deilegaste hudkremane våre, fyrer i omnen, sett på det vi kallar «Do- tham- dam»- musikk og masserer kvarandre sine stive nakkar heilt til Volda plutseleg følest meir enn eksotisk nok. Og slik kan man fortsette i det uendelege, men poenget er at ein vanleg dag i Damehuset ikkje er vanleg. Alle dagar er ulike, felles for dei alle er at dagane har meining. Men slett ikkje alle, i alle fall ikkje på den måten vanlege folk vil skildre ein vanleg dag.  

 

Klisjén 

Ein må nemne at ein lærer mykje om både seg sjølv og andre når ein bur så tett saman, sjølv om det kanskje er ein oppbrukt klisjé. Greit nok at Damehuset er forholdsvis stort om ein reknar gjennomsnittet av tal kvadratmeter per person, men i praksis er det ikkje mange plassar å gøyme seg på. Det betyr at det ikkje er så enkelt å skjule sine mindre gode sider for andre, med mindre ein veljer å gøyme seg i kottet under trappa eller krype opp på mørkeloftet. Derfor blir ein tvinga til å sette ord på tankar, og møte utfordringane undervegs. Livet i Damehuset er ingen dans på roser, men det er ikkje særleg langt ifrå heller. Damehuset er meir enn eit hus, og vi som bur her meiner i alle fall at huset har sjel. Kanskje er det vi som er sjela, kanskje ikkje. Og om du er i Volda og ønsker miljøforandring, stikk gjerne innom for ein kopp kaffe. Du er hjarteleg velkomen.

 

Tekst: Ragnhild Haugen

Del på