Eksamensavkobling med hengekøy
Masterstudentane Synne Øye Myrvold, Live Andrea Sulheim og Tone Solhaug er ivrige turgåarar og brukar hengekøye som avkobling i travle eksamenstider.

Foto: Synne Øye Myrvold
Masterstudentane Synne Øye Myrvold, Live Andrea Sulheim og Tone Solhaug er ivrige turgåarar og brukar hengekøye som avkobling i travle eksamenstider.
– Pulsen går ned på hengekøyetur. Ein lever i tempoet til naturen, fortel Tone.
Jentene har nettopp lagt bak seg ein intens eksamensperiode. Det vesle pusterommet fjellturane gav var gull verdt for masterstudentane i innspurten.
Med rosa og lilla hengekøyer tek dei fatt på både korte og lange fjellturar i nærområdet. Hengekøyene kan stappast ned i ein pose som kan minne om ei banan, og tar ikkje noko særleg stor plass i ryggsekken.
– Vi var stressa og lei av lange dagar på biblioteket, fastslår Tone. Jentene nikkar og fortel at dei trengte å komme seg ut i naturen for å kunne koble av.
Naturen var avgjerande
Turvenninnene studerer master i praktiske mediefag ved Høgskulen i Volda. Synne og Tone vaks opp med den flotte naturen på Sunnmøre rundt seg.
– Det er ikkje så mykje anna å gjere på her, seier Tone og ler. Ho legg til at foreldra hennar var flinke til å ta henne med på tur då ho var lita.
Live kjem frå Lom og har vandra mykje i Jotunheimen i oppveksten.
– Naturen var heilt avgjerande for mitt val av studiestad, innrømmer ho.

Foto: Tone Solhaug
Inspirasjon frå Instagram
Instagram er ei stor inspirasjonskjelde for jentene. Her får dei mange gode idear til nye fjell dei ynskjer å bestige. Det var slik dei oppdaga at hengekøye kunne vere eit alternativ til overnatting i telt.
– Eg såg bilde på Instagram av hengekøyturer og vart inspirert, fortel Synne.
Butikksjef ved Intersport i Volda, Linda Sefland, fortel om stor pågang på dei populære hengekøyene «Ticket to the Moon».
– Den har vore ein stor «hit». Hengekøya har slått alle rekordar og var i ein periode i sommar utseld på landsbasis. Vi fekk ikkje påfyll før i september,
seier butikksjefen som trur hengekøyene blir ei populær julegåve i år.
– Hengekøyeturane våre er ein lågterskeltur, meiner Tone og legg til at ein treng ikkje å gå i meir enn ti minutt.

Foto: Tone Solhaug
Mykje regn på Sunnmøre
Ein må smørje seg med tålmod når ein bur på Sunnmøre. Det har jentene fått erfare etter ein regnfull haust.
– Vi hadde ein utruleg fin sommar, men i haust har det verkeleg ikkje vore mange anledningar til å overnatte i hengekøye, hevdar Tone.
– Det går jo an å overnatte ute sjølv om det regnar, fastslår Live. Jentene nikkar og fortel at dei enno ikkje har opplevd å fryse når dei søv ute i hengekøye.
– Det gjeld å kle seg godt, seier Synne.
Har de gode tips til folk som har lyst til å komme seg ut på tur?
– Ikkje planlegg for stort. Du må begynne i det små, meiner Live og legg til at det er mange turar som er godt merka og enkle å finne utan kart og kompass.
Synne meiner det er mange fjell i området som ikkje er av høgaste vanskegrad, og som uerfarne fjellgåarar enkelt kan klare.

Foto: Tone Solhaug
Rom for alle i naturen
NRK skreiv tidlegare i haust om friluftsbloggar Tonje Blomseth, som har tatt eit ordentleg oppgjer med deling av «perfekte» og oppdolla turbilder på sosiale medium. Ho meiner det er for stort fokus på å sjå bra ut og vise fram kropp når ein går i fjellet.
– Du vel sjølv kven du vil følgje på Instagram, konkluderer Live. Jentene nikkar.
– Det er rom for alle i naturen. Det viktigaste er at folk kjem seg ut, avsluttar Tone.
Tekst: Marita Solheim