Fadderveka i Volda
Fadderveka blir arrangert kvart år rundt studiestart ved Høgskulen i Volda (HVO). Fadderveka gir deg som ny student ei rask innføring i studentlivet – her får du fantastiske moglegheiter til å bli kjent med Volda og andre studentar.
Fadderveka består av sosiale samlingar, konsertar, arrangement, introduksjonar til HVOs ressursar og mykje anna. Du blir kjent med HVO og studentmiljøet på sitt beste!
Program for veka:
- Laurdag 17. august: Studenthuset Rokken (studentkroa) opnar dørene for haustens første fest.
- Søndag 18. august: Heile campus er opent kl. 12-16 for dei som ønsker å ta en titt inne i bygningane og gjere seg litt kjente.
- Måndag 19. august: Velkomstkveld – grilling for nye studentar frå kl. 17.00.
- Tysdag 20. august: Opningsseremoni kl. 10.30–12.30. Konsert på Rokken med hemmelig artist om kvelden.
- Onsdag 21. august: Fadderkviss på Rokken.
- Torsdag 22. august: Organisasjonsdag. Konsert med Oslo Ess på Rokken om kvelden.
- Fredag 23. august: Bli-kjent-aktivitetar i faddergruppene. Du kan gå på skattejakt saman- meir informasjon om dette på Instagram. Pangaia games for alle på idrettsbygget 17-20. Gospelkveld i Volda kyrkje kl. 19 med kveldsmat på Uppheim etterpå. Konsert med Ravi på Rokken.
- Laurdag 24. august: Studentsamskipnaden i Volda (SiVolda) arrangerer SiVolda sommarleikar på Årneset. Sleppfest/Temafest på Rokken, med tema "White lies" om kvelden.
Programmet blir fortløpande oppdatert med fleire detaljar. Følg oss også på Instagram!
Vi gler oss til å ønske deg velkommen til Høgskulen i Volda!