Handplukka til Ungdoms-OL

Tekst: , Foto: Per Straume

- Oppdatert

26 journaliststudentar frå Høgskulen i Volda er på plass i Lillehammer for å dekke Ungdoms-OL når startskotet for dei omfattande leikane går fredag.

I 10 dagar skal 1100 ungdomar frå 70 nasjonar konkurrere i 70 medaljeøvingar i 15 olympiske vinterdisiplinar i og rundt Lillehammer. Mange har høge forventningar til opningsseremonien fredag 12. februar, som skal kringkastast rundt om i verda. Med på det arbeidet er 10 journaliststudentar frå Høgskulen i Volda (HVO), som skal hjelpe produksjonsselskapet Olympic Broadcasting Services (OBS) og organisasjonskomiteen for Ungdoms-OL (LYOGOC).

Voldastudentane eit naturleg val 

Når krutrøyken har lagt seg etter opningsseremonien står 16 journaliststudentar og to studentar frå Media, IKT og design frå Volda klare til å delta i medieproduksjonen frå resten av meisterskapet.

– Det seier mykje om respekten journalistutdanninga i Volda har, og jobben tidlegare studentar har gjort. Eg meiner Volda er det beste du får innan journalistutdanning no, og det er vel også derfor vi er her, seier journaliststudent Pål Solheimsnes, som skal stå bak eit av kameraa under opningsseremonien.

Det var Pål Gordon Nilsen, kommunikasjonssjef for Ungdoms-OL, som tok kontakt med journalistutdanninga ved HVO for rundt eit år sidan. Han har sjølv studert journalistikk i Volda og er eit kjent ansikt frå sportsendingar på NRK.

– Då han var her og la fram planane for Ungdoms-OL for eit år sidan, fortalte han at Volda har eit godt rykte i Medie-Noreg og at det var heilt naturleg for han å kome til oss når dei hadde bruk for journaliststudentar, fortel Linda Eikrem, høgskulelærar ved HVO.

Knyter kontakter 

Studentane som er i Lillehammer held på med andre året av utdanninga. I fjor var mange av dei og arbeidde på liknande måte under VM på ski i Falun.

– Eg har veldig høge forventningar til Ungdoms-OL og det vi får vere med på. Vi er kanskje litt bortskjemde frå Falun i fjor. Det var heilt vilt og kjempeartig. Då hadde eg mellom anna ansvar for eit studiokamera som filma medaljeseremoniane, fortel journaliststudent Siri Husby Fiskum.

No skal Husby Fiskum vere ein del av eit team som skal intervjue utøvarane og lage saker om dei. Då er ho ilag med profesjonelle folk i OBS som har mykje erfaring med dette.

– Dei ser på oss som ein naturleg del av arbeidsstokken, og vi vert behandla som alle andre. Samtidig som det vert svært lærerikt, kan ein også knytte kontaktar med folk i bransjen. Det er kanskje like så viktig, meiner Husby Fiskum.

Skiflygning og VM i skiskyting ventar 

Høgskulelærar Eikrem er glad for å kunne sende studentane ut av høgskulen og gje dei fagleg og sosialt nyttige opplevingar.

– Det er veldig kjekt og eg ser ikkje dette som noko ann enn ein vinn-vinn-situasjon for både oss og arrangøren. Studentane får kome seg ut og arbeide med store arrangement der dei får tillit, seier Eikrem som snakkar av erfaring. I si tid som journaliststudent i Volda var ho med og dekte OL i Lillehammer i 1994. Leikane som sit godt i minnet hos mange den dag i dag.

Dagane i Lillehammer kjem under den åtte veker lange internpraksisen studentane har ved HVO. I tillegg til dei som er med å dekke Ungdoms-OL er rundt 10 journaliststudentar i Vikersund komande helg. Frå fredag 12. februar til søndag 14. februar skal dei vere med i mediestaben under tre verdscuprenn i skiflyging.

Høgskulen skal også sende 20 journalitstudentar, første- og andreklassingar, til VM i skiskyting i Holmenkollen 3.-13. mars. Med ein del førebuing i forkant, vert studentane i Oslo i to veker.

– Det er mykje spennande som skjer for studentane våre denne vinteren. Vi er stolt over det og er sikker på at dei vil ha godt utbytte av det, seier ei nøgd Eikrem

Del på