Høgskulekoret på stemne i Danmark

Tekst: Webmaster Volda

- Vi vonar at dette vil føre til auka mobilitet av studentar og lærarar mellom dei fem høgskulane som er med i dette nettverket innafor NORDPLUS-programmet, fortel Holby.

Høgskulekoret i Volda tok del på denne internordiske korfestivalen saman med kor frå lærarutdanningane i Oslo, Kalmar og Holbæk. Lærarutdanninga i Vaasa, Finland er også med i netttverket, men hadde ikkje høve til å vere med denne gongen.

Trivelege konsertar
Etter særs vellukka konsertar i Volda og Stryn, sette Høgskulekoret seg på buss og køyrde i 18 timar til København og så fylgde ein times togtur fram til Holbæk der dei fekk innkvartering og måltider på seminaret. Dirigent og reiseleiar var Henny Koppen, som saman med dei andre dirigentane sto for øving og framføring av sær- og fellesnummer.

Fredagen heldt dei ein uformell konsert som marknadsføring for studentar og tilsette ved seminaret. Laurdagen var det først Aftensang i Skt. Nikolai Kirke, der Høgskulekoret mellom anna framførte tre vakre songar av Rutter som del av ein stilfull og fin konsert for fullsett kyrkje.

Seinare på kvelden var det duka for dei meir lystige, profane tonar på Holbæk Seminarium med fleire flotte sær- og fellesnummer til stor glede og begeistring for tilhøyrarane.

Etter ein svært triveleg konsert, var det festmiddag med improvisorisk underhaldning av ymse grupper og solistar frå kora til mykje latter og applaus. Sjølvsagt ble det dansa, og det hyggjelege samværet drog ut i dei små timar før ein var nøyd til å bryte opp og grue seg til nye 20 timar med reising på heimveg.

Neste vår er det Høgskolen i Oslo som står som arrangør. Vi voner at også Volda vil få høve til å by inn til ein slik verdfull NORDKOR-festival, legg Holby til.

Del på