Høgskulen sitt NORDKOR med suksess i Oslo
For tredje gong deltok musikkstudentar frå Volda på NORDKOR, Nordplus si storsatsing på samarbeid og utveksling mellom dei fire høgskulane i Oslo, Kalmar, Holbæk og Volda. 21. -24. april var dei fire kora samla i Oslo til eit storstilt program der korøvingar og konsertar var hovudingrediens.
Koret frå Volda talde 18 songarar, og saman med resten av høgskulekoret har dei øvd på det aktuelle stoffet sidan i eit par månader. I tillegg til 7 fellesnummer hadde Voldakoret 9 eigne korsongar med ei spennvidde frå seriøs kyrkjemusikk til jazz og afrikansk tradisjonsmusikk.
Både det store felleskoret på 100 songarar og kvart enkelt kor hadde si eiga avdeling på 4 ulike konsertar. Fredag var det konsert i festsalen på høgskulen og seinar i Grefsen kirke. Laurdag vart det to konsertar på Norsk folkemuseum på Bygdøy, fyrst ein friluftekonsert og seinare ein stor konsert inne i ”Kirkesamlingen” på museet. I dei svært gode konsertlokala kom alle kora til sin rett, og koret frå høgskulen i Volda fekk gode tilbakemeldingar både frå publikum og medstudentar. Dessverre er NORDKOR-samarbeidet no over, etter at dette treårige prosjektet vart fullført med ei svært vellukka korhelg i Oslo.