Høgskulen i Volda ser mot Asia

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Internasjonalt kontor ved Høgskulen i Volda er glade for å kunne offentleggjere to ny partnarskapsavtalar med Rykkio University i Japan og Sejong University i Sør-Korea. Desse avtalane vert ferdigforhandla i januar/februar, akkurat i tide for studentar som ynskjer å søkje om utveksling til hausten 2017 (søknadsfrist 1. mars).

Hausten 2016 var ein delegasjon frå Rykkio University på besøk i Volda og i ettertid har ein jobba fram ein utvekslingsavtale som vil tre i kraft i løpet av februar 2017. Rikkyo University er eit av dei leiande universiteta i Tokyo med campus sentralt i millionbyen. Universitetet har om lag 20 000 studentar, og blant desse er det over 500 internasjonale studentar.

– Dette vil sei at vi i framtida har to partnaruniversitet i Japan som våre studentar kan utveksle til. Det eine ligg sentralt i Tokyo og det andre (Yamanashi Gakuin University) ligg meir landlegg til i byen Kofu i nærleiken av Mt. Fuji. Ekstra gledeleg er det at begge desse universiteta tilbyr gratisplassar til våre studentar og har ynskje om å sende fleire av sine studentar til Volda, seier leiar for Internasjonalt kontor, Arne Humberset.

Les også: HVO topp fem i landet på utveksling

 c1688b6f38b34621f27981ef7a08b0f5I oktober 2016 kom to representantar frå Rykkio University på besøkt til Volda. På bilete nede frå høgre: Kenjiro Tsuji, professor Yamaguchi og  Arnljot Løseth, professor ved HVO. Bak frå høgre: Iulia Beleuta, Internasjonalt kontor ved HVO, Joakim Rødven, Internasjonalt kontor ved HVO og Natahlie Homlong, professor ved HVO. Foto: Valentin Gatlan/Internasjonalt kontor

I tillegg har HVO nyleg signert ein utvekslingsavtale med Sejong University i Seoul, Sør Korea. Dette er også eit stort universitet med om lag 15 000 studentar fordelt på ni fakultet.

– Sejong University utmerkar seg ved å ha veldig mange internasjonale studentar og eit stort engelsk emnetilbod. Det er dette som gjer at vi vel å samarbeide med akkurat dette universitetet, seier Humberset.

 ef9eb9782088562b3d4d4e115269eadeSejong University i Sør-Korea  som Høgskulen i Volda no har ein utvekslingsavtale med.

Dei nye avtalane er ikkje berre interessante for studentar og tilsette som ynskjer å fordjupe seg i asiatisk språk og kultur. Både Rykkio University og Sejong University har eit godt utvikla emnetilbod på engelsk innanfor fagområda PR/marknadsføring, økonomi, turisme og handel.

– Vi har hatt tett kontakt og fleire samarbeid med til dømes sjømatnæringa, kommenterer programansvarleg Kristian Fuglseth ved bachelorgradsutdanninga i PR, kommunikasjon og media ved Avdeling for mediefag i Volda.

– Fleire av våre kandidatar har no fått arbeid der etterpå. Eit utvekslingsopphald ute i marknaden kan vere avgjerande – ikkje berre for å få jobben, men sjølvsagt for å vite kva ein gjer i jobben etterpå, meiner Fuglseth.

Del på