Internasjonal dag på Høgskulen i Volda
Onsdag var det eit vidt spekter av arrangement på høgskulen i samband med Internasjonal dag. Tidlegare barne- og likestillingsminister Manuela Ramin-Osmundsen haldt føredrag om internasjonalisering, og dei internasjonale studentane profilerte seg og sine kulturar.
Ramin-Osmundsen måtte finne seg i å vere hovudattraksjonen, og med eit viktig og personleg føredrag om internasjonalisering, vart ho eit naturleg omdreiingspunkt i ein elles innhaldsrik dag. Ramin-Osmundsen tok utgangspunkt i si eiga erfaring som arbeidsinnvandrar, og fortalte om då ho sjølv kom til Oslo som nyutdanna jurist frå Frankrike i 1991, og om skilnadane mellom Norsk og Fransk arbeidsliv og kultur. Ho såg opphavleg føre seg å jobbe som dommar innan EU-rett, fordi ho var sikkert på at Noreg skulle bli med i EU i 1994. Slik gjekk det ikkje, men erfaringane hennar som arbeidsinnvandrar var noko ho la stor vekt på når ho snakka om utfordringar og fordelar med å lære ein ny kultur å kjenne. I den samanheng framheva ho særskild filosofen Julia Kristeva sitt poeng om at gode språkkunnskapar er ein brubyggjar i ein globalisert kvardag, og ho oppfordra alle studentar om å gripe sjansen og ta delar av utdanninga i utlandet.
Leiar av internasjonalt kontor, Cecilie Wilhelmsen, fortalte om alle moglegheitene studentane ved Høgskulen i Volda har til å ta eitt eller fleire semestre ute i verda.. Wilhelmsen peika på kor viktig det er med internasjonal erfaring og synte m.a. til at StatoilHydro ikkje tek inn traineear utan at dei har studert ute, Ho oppmoda studentane om å tenke utradisjonelt, og gjerne orientere seg mot universitet i Sør-Europa. Her finst det gode støtteordningar, ikkje minst gjennom Erasmus-programmet, Europas største mobilitetsprogram. Wilhelmsen la også vekt på det mangfaldige internasjonale miljøet ved HVO som eit pluss både til dei som orienterer seg ut og til dei som blir i Volda.
Markeringa av dagen var elles prega av mange internasjonale innslag, og rundt 600 personar kunne få med seg gastronomiske spesialitetar frå ulike land, og slå av ein uformell prat med internasjonale studentar på stand.Ivan Dujmusic frå Kroatia opna dagen med musikalsk innslag, og rektor Jørgen Amdam ønskte velkomen. Seinare underhaldt høgskulekoret med tonar frå Vivaldi, og ungdomsbandet Sublime Cookies imponerte trass sin unge alder. Underhaldninga på høgskulen vart avslutta av song og dans frå internasjonale studentar, medan internasjonal kviss og konsert med The Clinton Experience på studenthuset Rokken setteeit fint punktum for haustens internasjonale dag.
Synnøve Hjellestad og Ellen Flå var konfersierer