IT’S OKAY TO BE GAY (på bygda)

Tekst: Veronica Kvalen Pilskog , Foto: Kyrre Buxrud

- Oppdatert

Når du har kriteria fridom, openheit og pride, kjem kanskje ikkje ei lita bygd på Vestlandet høgst på lista over studiestader, men kvifor ikkje det?

Eg starta å studere i Volda i 2015. På den tida hadde eg vore ute av skapet i to år, skulle brått bli student og brått var eg også ”skeiv på bygda”. Då gjekk spørsmåla gjennom hovudet: kvifor har eg busett meg her? Det er ikkje akkurat gay-bars i fleng når du spaserer gjennom sentrum. Du kjenner kanskje  ikkje på den same ”hypen” som når du har tatt steget og blitt ”fri homofil mann i Oslo. Det er ikkje akkurat Pride-parader å sjå i næraste framtid heller, her i vesle Volda. Nei, vent. Det blei feil.

La meg ta deg tilbake i tid. Hausten 2017 skreiv ein lokal pastor eit lesarinnlegg som skulle få engasjementet til bygda i fyr og flamme. Då pastoren gjekk sterkt ut mot homofili, mobiliserte ein gjeng skeive og lovde Noregs første bygdepride i Ørsta/Volda. Hehe, hæ? Nei vent, er det tull?

For å vere heilt ærleg. Som ein homofil 21- år gamal mann så virka dette initiativet kult, men eg var fortsatt usikker på korleis bygda kom til å reagere. Når blei det å vere skeiv noko bygda skulle feire? Kom nokon verkeleg til å feire oss? Du veit liksom aldri med bygda. Eg visste det var mange som støtta homofiles rettigheiter, som seg hør og bør i 2018, men turte dei gå ut og støtte oss i ein parade? Eller blei det berre ei parade for dei som ropte høgast? (Meg inkludert.) Eg var aldri i tvil om at eg skulle gå i pride-parade, men verkeleg? Skulle Volda vere min første?

Mange eksistensielle spørsmål og synsing seinare blei eg einig med meg sjølv om at det kom til å gå bra. Det kom sikkert folk, det blei sikkert god stemning og folk kom sikkert til å støtte oss. Så kva hadde eg å tape?

Når eg der på dagen, ein time før paraden tenkte eg for meg sjølv. Over livet som skeiv på bygda. Nei, du som les slepp ikkje unna mine interne konfliktar. Eller, interne konfliktar. Konfliktane har eigentleg alltid vore så interne som dei kan bli. For i løpet av mine tre år i Volda har eg aldri opplevd at nokon snakka ned om meg på grunn av mi seksuelle legning. Før pride, under pride eller etter pride. Eg har alltid vorte akseptert og respektert, både av medstudentar og lærarar. Lokale og tilflyttande. Ingen har gjort meg noko vondt. Eg er kanskje heldig, men samstundes vil eg seie at alle skeive studentar som er i den minste tvil om bygda, ikkje har noko å vere redde for! Eit meir inkluderande, nært og intimt miljø enn studentmiljøet i Volda skal du leite lenge etter. Du er velkomen som den du er!

For der sto eg, i ein parade som ikkje i det heile tatt var verdas minste, under fanen til Høgskulen i Volda. Ein journalist kom bort til meg og spurte om vi studentane kunne kunsten å lage liv, sidan paraden blei diektesendt. Då svarte eg, ”Eg kan ikkje få barn, eg er homofil, men eg kan å danse.” Folkemengden bevega seg nedover Voldas gater. Eg trur aldri eg har vore stoltare enn når eg såg rundt 4000 ansikt stå opp for skeives rettigheiter i ikkje-verdas-minste parade. Og det er berre tre ord som kan beskrive heile opplevinga, og dei orda er ”Det er Volda”. Velkommen til oss, eg kan garantere at du likar deg her!

Tekst: Håvard Bjørnerem. 

Tags

Del på