Kombinerer toppidrett og utdanning

Tekst: Tone Solhaug , Foto: Kristine Vike

- Oppdatert

Kristine Håheim Vike føler seg svært heldig som har klart å kombinere idrett og studie. Etter eit år som spelar og trenar på Island skal ho no ta fatt på lærar­karrieren.  Høgskulen i Volda er den einaste høgskulen som tilbyr lærarutdanning i fylket. 

– Då eg skulle velje vidaregåande skule, spelte eg aktivt handball på Bergsøy, og planen var å satse på det. Difor vart valet enkelt. Ved idrettslina i Ulsteinvik kunne eg kombinere både idrett og skule. 


Vike opplevde tida på Ulstein vidare­gåande skule som svært innhaldsrik og variert. Ho utvikla seg både fagleg og sportsleg i denne tida.
– Eg storkosa meg på idrettslina. Det var kjekt å få prøve så mykje forskjellig innan idrett og friluftsliv. Eg hadde knappast sove i telt då eg byrja, men fekk no erfaring med aktivitetar ute i naturen i kombinasjon med hallidrett. Spesielt likte eg dei mange fine fjellturane.

Alltid hatt lyst til å bli lærar 

Då valet skulle takast om vidare utdanning, stussa ikkje Kristine eit sekund. 

– Eg har alltid visst at eg skulle bli lærar. Då eg var yngre, underviste eg alltid systrene mine når vi leika. Dei måtte sitte fint og høyre meg forklare og undervise dei om alt mogleg. 

Då Kristine var 16 år, gjekk ho over til Volda IL for å fortsette å satse på handballkarrieren. Dei to første åra medan ho framleis gjekk på Ulstein vidaregåande, pendla ho til trening. Etter at ho var ferdig på vidaregåande skule, flytta ho til Volda for å starte på grunnskulelærarutdanninga. 
– Det var rett og slett kjempeflaks for min del at lærarutdanninga er i Volda. Eg har som sagt alltid visst eg skulle bli lærar, men om handballen hadde krevd at eg sette utdanninga på vent, hadde eg gjort det. Men eg er evig takknemleg for at eg var så heldig at alt låg til rette for at eg kunne kombinere skule og handball. 

Kristine fann seg fort til rette ved 

Høgskulen i Volda. No vart ho heilt sikker på at grunnskulelærarutdanning var det rette valet for henne. 
– Eg gledde meg alltid til praksis. Det var då eg følte eg fekk utøve mitt potensiale. Eg hadde tidlegare aldri stått framfor ei heil klasse, så det var motiverande når eg tok det på strak arm og synest det var kjekt. Då visste eg at eg hadde valt rett. 

Storhamar var neste stopp innanfor handballkarrieren.  
– Det var stor stas å få spele på eit lag i Eliteserien. Dessverre fekk eg mykoplasma, lungebetennelse, etter fem månader der. Eg vart liksom aldri heilt frisk, og det enda med at eg måtte flytte heim. Etter fem månader på sofaen prøvde eg meg igjen på trening og det gjekk heldigvis bra. 

Toppserien på Island 

Etter å ha spela ein periode for Bergsøy IL, fekk eg tilbod om å flytte til Island for å spele på Valur. Valur er eit handballag i toppserien på Island. 
– Dette var ei moglegheit eg ikkje 
kunne takke nei til. Eg hadde alltid hatt lyst til å bu i eit anna land. I tillegg var opp­legget slik at eg skulle fungere som trenar til aldersbestemte lag i klubben samstundes som eg sjølv skulle vere aktiv.

Fekk du bruk for lærarutdanninga på Island?

– Eg fekk absolutt bruk for det eg hadde lært under studiet i Volda. Eg tenkjer at å vere trenar er nesten det same som å vere lærar. Eg fekk mykje bruk for pedagogikken. På same måte som i undervisninga i skulen, må ein trenar vere god på kommunikasjon. Målsetjinga er også den same. Ein lærar skal gjennom god undervisning gi lærdom til elevane. Ein trenar skal gi gode råd og instruksjonar for at dei han eller ho trenar skal nå  måla sine.

Opphaldet på Island var ei fantastisk erfaring å ha med seg vidare. Både med tanke på handballen og lærarkarrieren. Eg lærte mykje om meg sjølv, samstundes som eg fekk lære eit nytt språk og ein ny kultur å kjenne. 

Etter eit år på Island vende Kristine nasen mot Noreg og Herøy igjen. No har ho fått seg stilling som lærar ved Blåhaugen skule. 
– Til hausten skal eg undervise i ei 2. klasse på ein barneskule i Herøy. Samstundes skal eg ta årsstudium i 
historie og engelsk ved Høgskulen i 
Volda. Det blir spennande. 
 

Del på