På historisk grunn

Tekst: Tone Solhaug , Foto: Per Straume

- Oppdatert

Lækjande vatn, sagnet om ein helgen frå Irland og ei festning bygd av russiske krigsfangar var blant det som møtte historiestudentane då dei reiste på ekskursjon.

Skyssbåten Ennholm, på folkemunne kalla Klosterbåten, låg klar ved kaia i sentrum av Selje. Ved roret sat guide Adrian Mortensen klar til å skysse historiestudentane over til øya Selja.

Dagen før hadde dei mellom anna besøkt bygda Ervik på Stadhalvøya. Der fortalde ein kjentmann og pensjonert lærar om det gamle bygdesamfunnet og ein gravplass frå 1500-talet. Men også nyare hendingar var noko som gjorde inntrykk på dei ferske historiestudentane. Under andre verdskrigen bygde russiske krigsfangar ein festning under strengt vakthald av tyske soldatar. 21 russiske soldatar døydde.

– Den tunnelen som dei russiske fangane hadde grave ut, var heilt utruleg, det same med sjølve festningen. Det gjorde inntrykk, synest student Tuva Hilton.

Imponerande kloster 

På land på Selja fortel guide Mortensen om ei øy som no har ti fastbuande, men som langt tilbake tid husa langt fleire menneske. Han hoppar sjølv om bord i båten igjen og lèt høgskulelærarane Arnfinn Kjelland og Harald Krøvel vise veg fram til dagens store mål for
studentane. Etter eit drygt kvarter skimtar dei eit høgt tårn bygd i stein. Det er omkransa av endå meir stein – som ikkje ragar like høgt. Selje kloster står framfor dei. Guiden har køyrt båten rundt øya og står klar i munkekjortel for å fortelje om klosterruinane og historia til klosteret.


Heile anlegget er komplett med klosterkyrkje, tårn, andre klosterbygningar, indre og ytre yrkjegardsmur, ytre klostermur, klosterhage og beitemarker, og helgenanlegget i fjellsida med Mikaelskyrkja og Sunnivakyrkja.

 

På historisk grunn

Framleis lækjande vatn 

Med studentane som ivrige tilhøyrarar snakkar Mortensen om St. Sunniva som kom til Selja på 900-talet.
– Ho kom i lag med fleire munkar frå Tyskland, slo seg til ro og dyrka religionen sin. Då ladejarlen kom for å arrestere St. Sunniva og resten av folket, rømde ho opp i ei hole i fjellet, og ladejarlen fann dei ikkje. Då Olav Tryggvason kom til øya i 996, fann han restar
av omkomne menneske under eit steinras. Nedst fant han St. Sunniva, som var like vakker og heil. Då slo Tryggvason fast at ho måtte vere ein helgen. Med St. Sunniva følgde det også med ei kjelde med vatn oppe i fjellsida ovanfor klosteret. På den tida valfarta folk til Selja for å drikke av det, fordi det skulle vere lækjande.

– Det kan hende at det framleis er det. Det er iallfall mykje mineral i det, fortalde guiden.

Sosialt og noko å lære 

Det kunne ikkje studentane la vere uprøvd, og dei klatra opp til kjelda ein etter ein. Studentane Magnus Solheim og Kent Sæterhaug var imponerte då dei stod og såg utover klosterruinane.

– Det er ein flott måte å oppleve nærhistorie på i staden for å sitje i eit klasserom. Det er mykje historie rundt oss som det er viktig å bli kjend med, seier dei to.
Til våren ventar ein ny tur på dei, då til Roma. Med meir historie på timeplanen.

På historisk grunn

Del på