Praksis i varmare strøk, på norsk?

Tekst: Tone Solhaug

- Oppdatert

Sola skin, bølgjene slår og borna spring rundt omkring i skulegarden. Det er nesten for godt til å vere sant, men slik er ein varm haustdag på den norske skulen i Malaga. Her skal eg, saman med fem andre heldig utvalte, vere fire veker i praksis. 
 

Tekst og foto: Natalie Birkhol

Det var første året på høgskulen vi blei introdusert for denne moglegheita, og allereie då bestemte eg meg for at dette var noko eg hadde særs lyst til. Åra har rast av garde, og no, tre år seinare, står eg her midt i det. 


Vi er altså totalt seks studentar som, etter søknad og intervju, har fått denne moglegheita og som har reist ned hit i lag. Aldersspennet mellom oss varierer og ikkje alle kjente kvarandre like godt i forkant av reisa. Det trur eg gjer det enda kjekkare å vere på tur i lag. Sidan vi var tidleg ute fekk vi booka ei moderne leilegheit med tre soverom, to bad, basseng og takterrasse. Det er ingen tvil om at ein fin stad å bu gjer heile opplevinga endå betre. Leilegheita ligg i Benalmadena og er i gangavstand til både stranda og skulen. Buutgiftene er om lag dei same som for hybel i Volda, men også her får ein støtte, både frå høgskulen og frå lånekassa. 

 

Skuleovertaking

Allereie første veka i praksis reiste lærarane på kurs og vi studentane tok då over all undervisning. Sjølv var eg aleine med 11 elevar på 10.trinn. Det å prøve seg i skuleovertaking allereie tredje dagen var spennande og litt skummelt, men også særs lærerikt.

Praksis Malaga

Det kjente og ukjente

Sjølv om både lærarane og borna snakkar norsk, og skulen følgjer den norske læreplanen, er det også mykje som er ulikt skulekvardagen heime. Midt på dag får både lærarar og elevar, til studentar frå Sunnmøre si store glede, servert eit varmt måltid frå kantina. Det kan vere alt i frå pastarettar, til fisk, ris og suppe. I motsetnad til det som kan vere tunge, regnfulle dagar på Vestlandet, kan vêret her vere utfordrande på ein annan måte. Sola står på og dagane er lange. Kvar dag, med unntak av onsdag, blir det undervist heilt fram til klokka 15.20 på ettermiddag. I tillegg varer kvar økt ein heil klokketime. 

Det som då er viktig er at ein er innstilt på at ein reiser ned hit for å gjere den same jobben som ein ville gjort i praksis heime, og at ein ikkje alltid kan la seg freiste av alle moglegheitene som finnast i området. Praksisperioda kan på den måten krevje litt meir av deg som student. 

 

Siesta

Det som då er så fint, er at ein får ei veke haustferie med på kjøpet. Det blei den andre veka i opphaldet vårt. Denne veka og resten av kvardagane etter jobb og planlegging, nyttar vi til sol og utforsking. Målet er å få litt meir farge på dei norske, vinterbleike kroppane våre. Når sant skal seiast er ikkje vêret alltid så stabilt og fint som alle skal ha det til. Regndagar førekjem og kveldane kan fort bli noko kjølige. Desse dagane blir brukte til anten skulearbeid, til shopping eller til utforsking. I haustferien tok vi blant anna turen til dei nærliggande byane Malaga, Granada, Fuengirola, Nerja og Ronda.

 
Halvvegs

Tida flyg av garde og vi er allereie halvvegs i opphaldet. Dette er eit godt teikn på at vi trivast, for det gjer vi! Dette er ei oppleving og ei erfaring eg aldri ville vore forutan. 

Praksis Malaga_02

Del på