Satsa alt på P3

Tekst: , Foto: Halvor Solhjem Njerve

- Oppdatert

Ho har vore P3-fan sidan kanalen kom på lufta i 1993. Alt som lita jente tok ho opp sekvensar frå sendingane og laga eigne program. No er Silje Therese Reiten Nordnes programleiar i P3morgen, med om lag 250 000 lyttarar kvar morgon.
– Heilt sidan eg var lita har eg drøymt om å jobbe med radio, sjølv om det tok litt tid før eg begynte på journalistikkstudiet.

Volda - eit naturleg val 

Med ein Bachelor i latinamerikanske studiar frå Universitetet i Oslo og erfaring frå Radio Nova, som er studentradioen i Oslo, flytta Silje til Volda og tok til på journalistikkstudiet.
– Av journalistar og vener fekk eg høyre at det var Høgskulen i Volda som var tingen viss ein hadde lyst til å jobbe med radio. Volda var difor eit naturleg val. Vi var ein flott gjeng i klassen som, trass i av stort mangfald, også var veldig like på mange måtar. Vi er mange som framleis held kontakta og fleire av mine næraste venner er frå studietida i Volda.
Som student var Silje med i programmet «Kjerringprat» i Volda Studentradio, beskrive som «latterlig underholdning av og for kjerringer».
– Det var veldig kjekt! Vi hadde stor fridom til å gjere det vi hadde lyst til. I «Kjerringprat» hadde eg ei fast spalte kvar veke der eg las høgt frå kiosklitteratur, ler ho.

P3 var målet 

Karrieren i P3 starta med ein tre måneder lang praksisperiode det siste semesteret i journalistikkutdanninga.
– I praksisperioden fekk eg vite at det var høve til sommarjobb, men sjefen i P3 sa eg ikkje måtte satse alt på ein hest. Det gjorde eg likevel. Eg planla ingenting den sommaren. Eg søkte ingen andre jobbar, og kjøpte verken interrail- eller jorda rundt-billett. Eg ville til P3.
Silje fekk først avslag, men etter ei veke ringte dei med tilbod om sommarjobb, og ho byrja som produsent i P3morgen.
– Etter ei stund fekk eg prøve meg litt som reportar, og då ho som var fast reportar gjekk ut i mammapermisjon, steppa eg inn som vikar. Etter ei stund blei eg vikar for programleiar Live Nelvik då også ho gjekk ut i mammapermisjon. Så litt flåsete kan ein seie at min karriere er bygd på andre si familieauke.
Overgangen frå å vere utegåande reportar til å bli vikarierande programleiar var stor.
– I byrjinga fekk eg ikkje sove. Eg blei veldig stressa av tanken på å skulle sitte der i tre timar og alltid ha noko å snakke om. Som programleiar har ein eit mykje større ansvar enn som reportar. Men det er ikkje noko problem, vi finn alltid noko å snakke om. Eg trivst godt i talkshow-formatet, med gjester og underhaldning. Eg likar å finne ut av korleis ting heng saman, og så elskar eg å snakke med folk. Eg dreg nytte av ting eg lærte i Volda kvar einaste dag, som til dømes intervjuteknikk og etikk. Eg har også mykje igjen for det eg lærte om forteljarteknikk og dramaturgi. Og så kjem kurset « Digital sporhund» veldig godt med når eg skal finne informasjon om folk på internett.

Ekte radio 

Sjølv om Silje ikkje er A-menneske, står ho gladeleg opp klokka 5 kvar dag for å lage morgonshow for P3-lyttarane.
– Eg kan eigentleg vere ganske morgongretten, men vi har det så kjekt saman på sending at all grettenheita forsvinn som dogg for sola i den augeblinken eg går inn i studio. Vi er på lufta frå klokka 6 til 9, og så går det i eitt resten av dagen med møte og førebuingar til morgondagens sending. Det er mange som trur at vi berre går heim rett etter sending, men det kan eg avkrefte.
I P3morgen snakkar ho og medprogramleiar Ronny Brede Aase om kva som skjer i verda, og det dei trur lyttarane bryr seg om.
– P3morgen er ikkje plassen for dei store «scoopa». Vi stiller ikkje folk til veggs, men har ein hyggeleg morgonprat. Vi skal vere lyttarane sine vener om morgonen. Vi er utadvente og personlege, men prøver å vise at det vi fortel om, er noko lyttarane kan kjenne seg igjen i. Vi spelar aldri roller. Vi skal vere oss sjølve og ta utgangspunkt i det som er ekte, utan manus.

Tårene trilla 

Nokre av dei beste opplevingane Silje har hatt i sin radiokarriere, har vore i møte med lyttarane.
– I desember kvart år arrangerer vi julefrukost i Store Studio. Då køyrer vi livesending med gjester, artistar og publikum i salen. Det at folk står opp midt på natta for å komme å sjå på at vi lagar radio i tre timar, er beint fram rørande.
Då Silje fekk tilbod om fast jobb i P3 i vår, gjekk draumen i oppfylling, og tårene trilla.
– Eg får jobbe med dei beste folka og ha dei mest fantastiske lyttarane. For det er eg heilt sikker på nemleg, at lyttarane til P3morgen er dei beste.

Del på