Studentrock i Tigerstaden
To tidlegare Volda-studentar, Klaus Blø og Rune Jostein Grytting, vil 11. mai arrangere ein studentbandkveld i Oslo med noverande og tidlegare studentband. Arrangementet har fått namnet «Volda i Oslo 2002».
- Målet er å gi tidlegare HVO-studentar ein stad å treffast. Studentbandkveldane på Kroa i Volda var og er svært populære, så det var naturleg for oss å arrangere noko liknade i Oslo, seier Klaus Blø. Vi har også sett at fleire og fleire studentar kjem tilbake til Volda under STUDENTVEKA for å oppleve Volda-magien. No vil vi prøve å eksportere noko av dette til Oslo.
- Det blir full fart på Chateau Neuf 11. mai,
seier Klaus Blø
Banda
Vegas, med m. a. NRK-kjendisen Thomas Numme, stiller med elleve mann på scena. Vegas spelte nyleg på eit stort arrangement i regi av Natt& Dag. Vidare er Folkestadbrødrene frå P3 klare med bandet Bitter. Av nyare band nemner Blø plateaktuelle Sagada og vinnaren av studentbandkvelden under årets VEKE, Skabb.
- Musikkstilen blir variert, og vi kan by på det meste frå ska, Elvis, Sinatra, heavy metal til køntri, opplyser Blø som ved sidan av lærarjobben ved Volda Ungdomsskule spelar gitar i banda In Vulnus Abire og Skabb.
Meir informasjon
– Vi vil lage til ei nettside der folk kan få meir informasjon om arrangementet, tinge billettar m. m. Inntil vidare kan interesserte kontakte oss på voldaioslo2002@hotmail.com.