Studieekskursjon sponsa av Dørum

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

- I tillegg til at internasjonale kontaktar er ein viktig ingrediens i Kvalitetsreforma, er ekskursjonen ein fin måte å lære om andre lands måtar å drive førebyggande arbeid på, fortel studiekoordinator Cecilie Wilhelmsen.

Mastermodulen Kriminalitetsforebygging i eit samfunnsplanleggingsperspektiv er den einaste av sitt slag i Noreg. Statsråd Odd Einar Dørum fann studiet og ekskursjonen så viktg at han personleg ordna eit oppmuntringstilskot på 11.000 kroner til delfinansiering av turen. Departementet håpar dette kan ha ein positiv signaleffekt til studentane som tek ei utdanning som kvalifiserer til forebyggande arbeid.

Vitjar britiske fengsel
Wilhelmsen fortel at University of Wales Swansea har eit spanande miljø innan kriminologi, og er rangert som den 5. beste utdanninga i Storbritannia. Delegrasjonen frå Høgskulen i Volda skal mellom anna møte Dr Maurice Vanstone. Han er leiar for Centre for Criminal Justice & Criminology ved universitetet, der studentane skal ha førelesningar saman med masterstudentane i Swansea. Ekskursjonar til fengsel, institusjonar og politistasjonar er også ein del av programmet i Wales.
- Som ein kuriositet kan det nemnast at ein av forfattarane vi har på pensum, professor Richard H. Schneider, synest det var så spesielt at vi nytta hans bok i Volda at han kjem eins ærend frå University of Florida for å møte oss, seier Wilhelmsen.

Utdanninga i Volda kan vise til svært gode resultat, og tilbakemeldingane frå studentane er svært gode. Produktive samlingar, godt miljø og spanande fagleg initiativ er noko av medisinen bak det vellukka mastergradsstudiet. 28 studentar tek no utdanninga verd 30 studiepoeng, og representerer alt frå sosialarbeidarar til lensmenn og lærarar.

Del på