Tidlegare Voldastudentar er eigarar i nye Geiranger Bakeri

Tekst: Tone Solhaug

- Oppdatert

Lokkar lokalbefolkninga til sentrum

 

Mari-Lene Korsnes (31) og Torill Hansrud Mo (31) er nye medeigarar i Geiranger Bakeri og opplever stor pågang av kundar. Denne hausten åpna bakeriet dørene med ei ny og «fresh» innpakning på Spinneriet i Volda.

 

– Vi hadde ikkje sett føre oss at bakeriet skulle bli eit så populært tilbod i Volda, seier jentene og legg til at dei er svært takknemlege for den enorme responsen.

Geiranger Bakeri har helde ope i to år på Spinneriet, men stengde i sommar. I haustferien opna det nye bakeriet dørene på gateplan på Spinneriet i Volda.

 

Kafé og bakeri er slått saman

Barndomsvenninnene Mari-Lene og Torill er medeigarar av kafeen saman med Jan Egil Vikestrand som i tillegg er eigar av bakeriet.

– Responsen frå kundane er heilt overveldande, fortel Torill som synest det har vore utfordrande å halde oppe produksjonen med så pulserande pågang.

Tidlegare heldt bakeriet til i Ørsta og utsalet i Volda. Kafeen og bakeriet er no slått saman. Kundane får servert rykande fersk gjærbakst rett i frå bakaromnen.

– Menyen er oppfriska og lokalet er langt større enn tidlegare, fortel dei ferske eigarane. Kafeen serverer mellom anna sandwich, varm lunsj og gjærbakst.

 

Ny karriereveg

31-åringane kjem opprinneleg frå Hareid, men bur no i Hovdebygda og Ørsta.

– Det var litt tilfeldig at det vart akkurat oss to, fortel Torill. Ho hadde jobba lenge på treningssenter som «personleg trenar» og hadde eit sterkt ynskje om å gjere noko anna då ho skulle ut i jobb igjen etter sin første fødselspermisjon. 

Mari-Lene hadde jobba i klesbutikk i mange år og var klar for noko nytt. Derfor nølte ho ikkje med å kaste seg ut i kafédrifta då ho fekk sjansen til det. Ho driv eigen matblogg, og den er i stor grad med på å utforme menyen på bakeriet.

– Det er du som er matnerden av oss, seier Torill og ler.

 

Framtidsplanar

På arrangementet «Øyralangs» tidlegare i haust heldt dei kveldsope. Dette vil dei satse meir på framover.

– Vi ynskjer å skape litt liv i sentrum, fortel Mari-Lene engasjert.

Planen er å arrangere temakveldar med pizzabaking i steinomn, tilby møtemat til bedrifter og legge til rette for private arrangement i julebordsesongen.

– Menyen og tilbodet vårt vil konstant vere under utvikling, avslører Mari-Lene.

 

Studerte i Volda

Begge jentene har tidlegare vore studentar ved Høgskulen i Volda. Torill studerte planlegging og administrasjon og Mari-Lene studerte matkultur og helse.

– Eg har baka heilt sidan eg kunne stå, seier Mari-Lene og ler. Ho legg til at mor hennar var ein stor inspirasjon for ho på kjøkkenet då ho var lita.

Samlingsstad for studentar
Jentene er einige om at dei vil snu trenden på Spinneriet i Volda, der mange butikkar har blitt nedlagt dei siste åra. Dei har fått mange positive tilbakemeldingar frå lokalbefolkninga som kjem innom bakeriet.

– Det er stort behov for ein samlingsstad i Volda. Her er mange studentar, pendlarar og generelt mykje folk som vil setje pris på å kunne treffast her, avsluttar Torill.

 

Tekst og foto: Marita Solheim


 

Del på