Voldastudentar fekk SKUP-diplom for Innovata-avsløring

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Sakene med Innovata-avsløringane er publiserte i Næravisa som ein del av journalistutdanninga ved Høgskulen i Volda.

I Næravisa har det kome fram moment rundt finansieringa av prosjektet som ikkje ein gong politikarane kjende til, skriv nrk.no.

- Eg trur at vi får eit SKUP-diplom mellom anna fordi vi klarte å få fram sider ved planlegginga av kulturhusprosjektet som folk ikkje kjende til, seier student Peder Ottosen til nrk.no etter utdelinga på SKUP-arrangementet i Tønsberg laurdag 21. mars.

Elles var studentane Kristin Vidhammer, Eirik Røe, Anders Myklebust, Monica Sæbø og Anita Lien med på arbeidet med Innovata-sakene i Næravisa.

Gravande journalistikk i Volda
Dei seks studentane frå Høgskolen i Volda er dei første studentane som vinn ein SKUP-diplom nokon gong, skriv skup.no.

Peder Ottosen seier at han ikkje trur det er vesentleg skilnad på å arbeide med eit graveprosjekt som student eller som tilsett i ei avis.

- Vi hadde veldig gode vilkår for å arbeide med dette, sidan vi heldt på med gravejournalistikk på høgskulen. Vi lærer dei same teknikkane som andre gravande journalistar nyttar, seier Ottosen til skup.no.

Del på