Bruk av historier i Sosialt arbeid

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

7703d9322eae91ec1b0c47d479949960
Høgskulelektor Gerd Skjong, foredragshaldar Geir Lundby og høgskulelektor Knut Hunnes.

Lundby har brei klinisk erfaring frå snart førti år i arbeid med familiar, enkeltpersonar, grupper og lokalsamfunn i. Dei siste 25 åra har han vore særskilt opptatt av narrativ terapi og praksis, og har ei omfattande undervisningserfaring, frå familieterapi generelt og særskilt frå narrativ terapi. Han har halde ei rekke intensiv kurs over heile landet, og i resten av Norden. Han har skrive to bøker om narrativ praksis; «Historier og terapi» (Universitetsforlaget 1998) og «Terapi som samarbeid» (Pax 2009). I tillegg har han skrive ei lang rekke artiklar om narrativ terapi.

På seminaret på Berte Kanutte-huset gjorde han på eit levande vis greie for den narrative tilnærming ved hjelp av mange døme frå praksisfeltet. I tilnærminga legg ein særskilt vekt på korleis ein kan fokusere på unntakshistoriene og bruk av eksternalisering for å støtte klienten i å skape seg ein ny og meir positiv sjølvoppfatning. Tilhøyrarane viste stort engasjement under forelesinga, og tok del med spørsmål, kommentarar og andre innspel undervegs på fagdagen.

 6c41a7a06734d80e54dc8e2e6e838c0d
Sosialfagstudent Malin Elise Honningsvåg.

NY OG GOD METODE

Sosialfagstudent Malin Elise Honningsvåg fortel om ein lærerik fagdag.

─ Det er ein ny måte å tenke på som ein kan ta med inn i sosialt arbeid, og det er eit godt tillegg til det vi har lært. Metoden verkar som ein god måte å jobbe på, der ein leitar etter resursar framfor å fokusere på problem.

GOD OPPSLUTNAD FRÅ PRAKSISFELTET

─ Fagdagen var ein del av undervisninga til dei som går i andre klasse på 

4292e71ec62a92ab8d50a27303f956c1

sosionomstudiet, men vi har også invitert praksisfeltet og fått god oppslutnad frå kommunar, institusjonar og poliklinikken. Det er tydeleg at det er noko som har vekt oppsikt, seier høgskulelektor Gerd Skjong.

Ingebjørg Osdal er ei av dei som har brukt dagen til fagleg påfyll.

─ Det har vore ein interessant og inspirerande dag. No har eg riktig nok kjennskap til mykje av det som har vore tema i dag frå før, men det er godt å bli minna på det. Eg jobbar innanfor vaksenpsykriatri og denne fagdagen er langt frå det eg jobbar med til vanleg, men det er mykje ein kan ta med seg av tenkemåten.  Vi er vande med eit stort problemfokus, og ein slik dag kan få oss til å tenke meir utradisjonelt og få fram nye fargar i skildringane våre, seier Osdal.
 

PRESSEFOTO

Skjong_Lundby_og_Hunnes.jpg
Malin_Elise_Honningsvag.jpg
Ingebjorg_Osdal.jpg

Del på