Festival med eit breitt spekter av opplevingar

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

1acc26eb209fdf7ad00f6edb75a6c0cd

Frå 30. mai til 5. juni vil studentar frå heile Avdeling for kulturfag ved Høgskulen i Volda (HVO) vise seg frå si beste side for publikum under Kaarstadfestivalen. Avdelinga omfattar faga musikk, formgiving, kunst og handverk, idrett, friluftsliv, drama og teater, digital kompetanse i læring samt medie- og kommunikasjonsteknologi. Det vil med andre ord bli eit program under festivalen som spenner vidt og som bør kunne fenge mange.

– Det vi kan samle under paraplyen kulturfag, eller praktiske estetiske fag, er blant det breiaste tilbod på høgskulenivå i landet, seier dekan ved avdelinga, Aud Folkestad.

Under programsleppet tysdag kom det fram at festivalen vil innehalde ni konsertar, fire forteljarteater, to fotoutstillingar, ulike kunst og handverk-utstillingar, ein presentasjon av ei bacheloroppgåve i idrett og ein heil dag med natur- og kulturopplevingar i Indre Hjørundfjord. I tillegg til campus ved HVO, vil arrangementa gå føre seg på "Maurtua", det gamle gymnasbygget i Volda, Studenthuset Rokken, Brakketun og Lilletun rett ved HVO og ulike lokasjonar rundt Hjørundfjorden.

Alle arrangementa er ope og gratis for alle, utan om dagen med natur- og kulturopplevingar i Hjørdunfjorden der enkelte aktivitetar kostar ein liten sum.

Sjå heile programmet for Kaarstadfestivalen 2016 her.

Vil skape indre bileter frå scena

Torsdag 2. juni kan du få med deg forteljarteater frå teater og drama-studentar som tek emnet «Forteljing og retorikk». Dei presenterer utval historier frå gresk mytologi. Mytene vil verte fortalt på ein humoristisk og forfriskande måte.

Fire grupper vil ha kvar si framsyning på dagtid denne torsdagen.

– Alle gruppene vil ha ulike tema og innfallsvinkel, fortel Henning Pehrson, Stine Steig, Solveig Skare og Stine Lovise Rokkenes som alle skal opp på scenen.

Dei legg vekt på at dette vil verte forteljing på ein underhaldande måte der publikum kan leve seg inn i historia.

– Det er ikkje ei forteljing der ein står rett opp og ned. Vi tek i bruk teikneseriemiming, og medan ein fortel historia hjelper dei andre på scena med på å visualisere det som skjer. På den måten skal publikum kunne sjå føre seg korleis omgjevnadane der historia utspelar seg er og korleis alt gjekk føre seg, seier studentane.

Dei meiner at denne måten å fortelje ei histrorie på bør passe folk i alle aldrar.

– Å fortelje historier er noko menneske alltid har gjort, men kanskje har det døydd litt ut. Difor meiner vi at dette er ein litt sjeldan moglegheit som folk bør nytte seg av. Vi håpar at barn som kjem får indre bileter i hovudet sitt som vi skapar for dei. Det vil verte noko heilt anna enn tv og data det her, med menneskjer på ei scene som ser på dei og fortel ei historie på ein fengjande måte.

Byr på overrasking

Fengjande kan også musikkstudentane, som held sine bachelorkonsertar under festivalen, love at det vil verte når dei skal på scena. Dei ni ulike konsertane tek føre seg eit vidt spekter av musikksjangrar. Dei har arbeidd hardt med dette etter at vårsemesteret tok til etter jul og er klar for å vise fram kva dei har lært gjennom tre år i Volda.

Magnus Solheim vil vise fram improvisert samspel med vekt på amerikansk fusion kor trommeslageren si rolle er i sentrum.

– I tillegg vil vi spele ei norsk perle som fekk Spelemannsprisen i 1980. Eg vil fokusere på kommunikasjonen mellom oss musikarane på scena, seier Solheim.

Med Per-Kristian Vinje får ein noko heilt anna. Ilag med ein trommelsager vil han med sin el-gitar spele ni metallåtar som han har produsert sjølv.

– Ein kan forvente seg mykje trøkk, men det skal også vere relativt dynamisk slik at vi «tek det ned» innimellom. Eg gler meg til å vise fram dette for publikum, og det er ein moglegheit for folk i og rundt Volda til å høyre metallmusikk live, noko som ikkje akkurat skjer kvar dag, poengterer Vinje.

ffe544b84b5d105c304e30b63cea9c2a
Per-Tore Gisletveit (f.v.), Magnus Solheim og Per-Kristian Vinje ser fram til å framføre det dei har øvd på i lang tid.

Når Per-Tore Gisletveit skal i elden har han med seg elleve andre musikarar. Då vil tonane gå i funk og rock og Gisletveit vil fokusere på kroppsspråk.

– Det vert rockemusikk frå 70-talet med ein del kraft. I tillegg har eg ein søt liten ting – eit instrumentalt innslag – som eg ikkje vil avsløre no. Det stammar frå eit tv-spel frå barndomen og skal gi publikum ein liten pust i bakken, seier Gisletveit.

Her kan du sjå festivalprogrammet og finne ut kva som passar for deg.

Kunst i Brakketunet

Straks opp om Kaarstad-huset ligg Brakketun. Her har ei anna gruppe formingsstudentar fått boltre seg med temaet «Objekt i rom» medan andre jobbar med leire og produktutvikling og design. I den gamle trebygningen er alle kontora omforma til utstillingsrom for studentane sine eksamensarbeid, og det vi ser vitnar om stort mangfald og kreativitet.   

– Når det gjeld «Objekt i rom» arbeider vi delvis med objektet og delvis med rommet. Av og til tilpassar vi objektet vi stiller ut til eigenskapane ved rommet. Nokre gongar må vi endre rommet i høve til objektet, seier Stine Esberg, student ved bachelorutdanninga i kunst og handverk.

Stine kom til Volda etter ho var ferdig med lærarutdanninga i Sogndal.

– Eg kom til Volda på grunn av det rike studietilbodet innan estiske fag, og har likt meg so godt i Volda at eg i tillegg til kunst og handverk også har teke musikk og drama her ved høgskulen, seier ho.

 e6b1819e6124b87fea7de70b70dbfd6bStine Esberg (t.v.) og førsteamanuensis Karen Brænne ved kunst og handverk.

Vonar å leve av kunsten

Eivind Karlsen frå Bømlo hadde alt ein bachelor i media, IKT og design frå Høgskulen i Volda då han begynte på kunst og handverk.

– Eg har spesialisert meg innan tre og metall, og vonar at eg kan leve av kunsten min, seier Eivind som gler seg til mange flotte oppålevingar under Kaarstadfestivalen 2016.

 b4339f211440899c65fd1e468cae3719Eivind Karlsen tar ut noko keramikk han har laga.

Kunst i Maurtua

Astrid Singstad Hagen og Kristina Myklebust er snart ferdig utdanna faglærarar i kunst og handverk. Dei skal saman med andre studentar ved kunst og handverk vise eksamensarbeida sine utstillinga «Visuell kommunikasjon – skaping og formidling» i «Maurtua», det gamle gymnasbygget i Volda. 

 6a5d86ee217b5b067cf60b29f44742cbVi møtte Astrid Singstad Hagen og Kristina Myklebust i eitt av dei mange spesialromma som studentane disponerer i Kaarstad-bygget.

– Eg har teke fordjuping i leire og trearbeid, og faga eg har hatt her gjennom tre år rustar meg godt for arbeid i grunnskulen, seier Astrid mens ho viser fram ein konstruksjon av tre som ho no arbeider med.

17f1d4d5b88d31c1948ee3ab8be0b605 – Dette er skal verte ramma i ein stol som eg har konstruert sjølv, seier Astrid Singstad Hagen som snart kan titulere seg faglærar i kunst og handverk.

Foto- og friluftsopplevingar

I tillegg til det som allereie er nemnd vil idrett- og friluftslivstudentar ha fotoutstilling i Henrik Kaarstad-huset, der dei viser fram foto frå stadar dei har opplevd gjennom studiet. Medan i Berte Kanutte-huset skal Media, IKT og design-studentar stille ut sine foto med varierte motiv.

Laurdag 4. juni inviterer Seksjon for idrett og friluftsliv inn til ein heildags natur- og kulturoppleving i Indre Hjørundfjord. Arrangementet går frå 12.00 til 22.00 og inneheld mellom anna guida turar til fots, på sykkel og i båt, kunst og handverk-utstilling i Bakketunet på Bjørke, sal av varmmat og baristakaffe og eg ein konsert med QUEST, Magnar Åm og John Inge Leira Bjøringsøy i Notanaustet som avsluttar dagen.

Del på