Hadde ikkje studert utan Kviven

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

a8f331481f51dd4016f4d062088b87bc
Rita Eide og Marita Ulvedal er to av sosialfagstudentane som pendlar til Høgskulen i Volda via Kvivsvegen. 
 

─ Kvivsvegen har betydd alt for oss. Vi har begge born og familiar, så det hadde ikkje vore mogeleg for oss å flytte til Volda for å studere. Utan Kvivsvegen hadde vi ikkje blitt studentar, seier Ulvedal.

Med Kvivsvegen kan studentar frå indre Nordfjord som ikkje har mogelegheit til å flytte studere ved høgskulen. Om lag 90 studentar pendlar dagleg igjennom Kvivsvegen for å ta høgare utdanning i Volda. Tretten av desse studerer sosialfag.
 

LETT Å PENDLE

Eide og Ulvedal går første året på sosionomutdanninga. Dei pendlar frå høvesvis Olden og Stryn.

─Med 45-60 minutt kvar veg blir skulevegen så kort at vi kan pendle. Dersom vi måtte ha køyrt om Nordfjordeid hadde det tatt om lag to timar kvar veg. Det hadde blitt for langt, og vi hadde ikkje nådd å hente borna i barnehagen, seier Ulvedal.

Sosionomstudentane har obligatorisk undervisning tre til fire dagar i veka. Etter snart eit år med pendling, ser dei ikkje mørkt på to år til.

─ Dersom ein er innstilt på noko får ein det til, seier Ulvedal.

─ Kvivsvegen er blitt så god å køyre at det er blitt veldig lett å pendle, legg Eide til.
 

«PENDLARGRUPPER»

For at det skal vere lettare for studentane som pendlar å ta del i gruppearbeid har det blitt oppretta «pendlargrupper» slik at dei kan arbeide saman med dei som pendlar frå same området.

─ Mange pendlar og det er ikkje noko problem i forhold til studiemiljøet, seier Ulvedal.
 

VIL ARBEIDE MED MENNESKE

Ønsket om å ha ein jobb der ein får arbeide med menneske og ikkje berre sitje på eit kontor har prega utdanningsvala til Eide og Ulvedal. Før sosionomstudiet har dei begge prøvd seg på sjukepleiestudiet.

─ Eg har prøvd eit år på sjukepleiestudiet, men trivst mykje betre på sosionomstudiet, seier Ulvedal.

Pressefoto: UlvedalEide.jpg

Del på