Husteater i Commedia dell’arte
Seksjon for drama/teater invitere til husteater i Commedia dell’arte tysdag 18. februar kl.12.15 i Teatersalen.
Commedia dell’arte oppstod i Italia på slutten av 1500-talet og spreidde seg til resten av Europa og var populær langt ut på 1700-talet. Forma har inspirert komediediktarar som Molière og Holberg. Faste typar og improvisasjon er dei største kjenneteikna på Commedia dell’arte.
I Commedia-universet finn ein mellom anna dei unge elskande som vert hindra i sin kjærleik til kvarandre og soldaten Il Capitano som gir seg ut for å vere overlegen både i kamp og i kjærleik, men som eigentleg er feig. De får møte gamle Pantalone som elskar sine pengar meir enn alt og Il Dottore som elskar å briljere med sin kunnskap. Dei som driv handlinga framover er ofte den kyniske tenaren Brighella som alltid er ute etter å svindle til seg det han vil ha, og då ved å få idioten Arlecchino til å gjere jobben for seg.
I samband med DR113 – Inn i teaterhistoria, har studentane gjort eit djupdykk ned i forma. Dei har laga eigne masker og utvikla tre små stykkje med utgangspunkt i gamle Commedia dell’arte plot. Det vert forviklingar, situasjonskomedie og til tider grov humor.
Framsyninga er gratis og varer i ca. 45 min.
Vi håpar du tek turen for ei uhøgtidleg teaterstund. Vel møtt!