Kulturfestival som eksamensprosjekt

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

4215cf4a5d1080abbca1fdaed67a65d4
Jørgen Rodem, Carolina Lindesteg, Cecilie Sandvik og Torbjørn Øvrevik står bak festivalen Exit Volda i sentrum 7.juni kl 12-23. 

– Festivalen Exit Volda tar utgangspunkt i Avdeling for kulturfag, og ønskjer å vise fram det studentane gjer der gjennom utdanninga, seier Cecilie Sandvik som snart er ferdig med ein Bachelor i drama og teater. 

Festivalen vil ha forskjellige basar, og det vil til dømes vere aktivitetar av studentar på idrett og friluftsliv, scene for musikk og høve til å vise film og bilde inne. 

– Vi vil oppfordre alle til å komme innom festivalen, og dei som er interesserte i å delta til å ta kontakt på exit.volda@gmail.com, seier Sandvik. 

Festivalen er i ein privat bustad i Elvegata i Volda. 

– Vi ville gjere festivalen litt intim, samstundes som det er mykje plass ute til scene og forskjellige aktivitetar. 

Del på