Livsløpsstudentar på studietur i Spania
Høgskulen i Volda arrangerer denne våren for første gong vidareutdanninga ”Livsløp, helse og velferd”. Tredje studiesamling er lagt til norske miljø i Spania.
Bakerst frå venstre: Annlaug Stokke, Geir Inge Bjørneseth Brekke, Britt Juvkam, Kjellrun Solheim, Maria Nikkinen Rørstad. Framme frå venstre: Maria Halse, Eli Skaatun, Hildegunn Utgård.
”Livsløp, helse og velferd” kan takast som valfritt emne i mastergrada Helse og sosialfag -Meistring og myndiggjering. Tredje studiesamling er lagt til norske miljø i Spania, valfritt kan studentane istaden skrive ei større oppgåve heime i Norge – noko som fleire gjer.
Denne veka reiser 8 studentar rundt i Spania saman med lærar. Tema for samlinga er ”Jakta på det gode liv”. Studentane er opptekne av gode livsmiljø og tilrettelegging for sosialt samvere og aktive kvardagar. Fleire institusjonar og organisasjonar er besøkte, deriblant Solgården og Den norske klubben. Men mest av alt er det dei uformelle samtalane med nordmenn i Spania som gir livshistorier som krydrer livsløpsteorien.
Tekst: Høgskulelektor ved Institutt for sosialfag Gerd Skjong