Mentorutdanning I – oppstart med 35 studentar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

– Studiet har tre samlingar på to dagar med arbeidskrav mellom samlingane, melder Vatne.

– Første samling startar måndag 15. februar kl 11.00 - 17.00 og avsluttar tysdag 16. februar kl 15.00, og undervisningsstad er Høgskulen i Volda, Henrik Kaarstad-huset, rom 306 (3. etasje).

– Studiet handlar mellom anna om nyare teoretiske tilnærmingar til rettleiingsfeltet, etiske dilemma og maktforhold i rettleiingssituasjonar, korleis rettleiing kan nyttast som ein viktig del av lærarrolla og i kompetanseutviklingsarbeid i skule og barnehage, forklarar Vatne.

– I tillegg vert det lagt vekt på korleis studentane kan inkludere nyutdanna i eit kritisk, reflekterande fellesskap i barnehage og skule og eit breitt repertoar av tilnærmingar til rettleiingsfeltet.

Førelesarane på studiet er Asvor Klokkehaug ved Høgskulen i Volda, Ingrid Fosshaug ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og Kari Søndenå ved Universitetet i Stavanger.

Les ei eldre sak om mentorutdanninga

Del på