”Mitt hjerte står i Brann”

Tekst: Webmaster Volda

Dei to studentane skal lage ein dokumentarfilm om Bergens mest fanatiske Brann-supportar.

– Vi ønskjer å finne svaret på kvifor enkelte vier så mykje av livet sitt til eit fotballag. Vi leiter etter den rette personen. Er det deg? Eller nokon du kjenner? Vi er begge frå Bergen og har stor kjennskap til både patriotismen og supporterkulturen som finnast i byen, seier Joachim Storvik.

"Eg e ikkje fra Norge, eg e fra Bergen", "Bergen er ikke en by, det er en tilstand i min sjel" syng Ole Paus. Bergensarar er ikkje som alle andre. Dei er patriotiske, og for nokre er sportsklubben Brann nesten alt.

– Med denne filmen ønskjer vi å komme under huda på ein fullblods Brann-supportar. Er det ei genuin fotballinteresse som ligg bak?Identitet? Kva faktorar spelar inn? Vi vil sjå på interessa i eit større perspektiv. Er Brann-supportarar meir patriotiske enn andre fotballfans?, spør Joachim.

92b05e7fa5ba32a8ce6e50705529321a71eae2b4
Joachim Storvik og Einar Sleire jaktar på Bergens mest
fanatiske Brann-supportar. (Foto: privat)

Fokus på praktisk produksjon
Opptaka til dokumentaren vil finne stad i Bergen den siste veka i oktober, med  siste heimekamp mot Rosenborg 1.november som ein "grand finale". I dokumentaren vil dei også nytte intervju med Brannspelarar og profilerte bergensarar som Hermann Friele, Jan Eggum, Gunnar Stålesen.

Fjernsynsreportasje og dokumentarfilm er eit påbyggingstudium på mastergradsnivå der studentane lærer å lage dokumentarfilm. Studiet er praktisk, og mange kjende dokumentarfilmregissørar har teke dette studiet.

– Studiet er i utgangspunktet lagt opp med praktisk produksjon, men vi har også ein del teori vi må gjennom. I løpet av haustsemesteret  skal vi produsere to fjernsynsreportasjar og ein større produksjon. Det er  den sistnemnte vi skal lage i Bergen, fortel Joachim Storvik.

Les meir om Vidareutdanning i fjernsynsreportasje og dokumentar

Del på