Ope hus på formgjeving, kunst og handverk

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Vil starte eiga verksemd

Eivind Karlsen går tredje året på bachelorutdanninga i kunst og handverk.

– Eg er glad i kunst og handverk, og eg har lyst til å skape meg ei eiga verksemd der eg vil arbeide med tre og metall, seier han.  

ebf8ab3861e4b725683eeecea949257dEivind Karlsen med god fyr i kolhaugen.

Pensjonist med handlag

Ein av dei som kom innom i går, var Arve Nilsen frå Dalsbygda i Volda. I ein samtale med faglærar Thorstein Vasset viste han fram eitt av arbeida sine, eit fat laga av selje.

2fbade12306db418d18380d80e02a262Arve Nilsen i samtale med Thorstein Vasset.

– Desse fata dreiar eg heime, og mønsteret er skore ut med kniv, seier han til Vasset som let seg imponere av kvaliteten på arbeidet.

Fornying

Cecilie Hustad har i si bacheloroppgåve teke føre seg ein gammal teknikk kalla sveipeteknikk. Her former ein tynne treemne til bruk til øskjer, tiner, boksar osv.

52f968abb51e1beca74d8a213c91e950To tre-entusiastar, Arve Nilsen og Cecilie Hustad,  deler kunnskapar.

– Eg har lyst til å kombinere denne gamle teknikken og treverket med nye og meir moderne materialar, men kva produkt og prototypar eg tenkjer å lage er per dato litt hemmeleg, seier Cecilie lurt.

Vil bruke kompetansen i omsorgsarbeid

Anna Kjellevold tok til på si bachelorutdanning i kunst og handverk i fjor haust.

96311b3e9fbf004cd6ef5160c5886b49Anna Kjellevold teiknar stilleben.

– Eg har lyst til å utdanne meg innan helse og omsorg, og eg vil bruke kompetansen eg får her i omsorgsarbeid, kanskje som aktivitør, seier ho. 

Valørar

I eit rom med mange flinke teiknarar finn vi Stine Steig arbeider med bacheloroppgåva si.

2ef4bccad5437733486568f79b06c9b8Ugle, kaffi og "shades of brown".

– Eg arbeider med akvarellar der eg brukar berre ein farge og ulike valørar av den. Brunfargen eg brukar på denne ugla eg teiknar er faktisk kaffi, seier Stine og ler.

41606dd3fad056bc9cd33aba28733b2bStine Steig i full sving med bacheloroppgåva si.

Video

Les meir om studietilboda.

Del på