Opning av ny konsertsal ved høgskulen

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

30c2565811070d62eb21e0bd36ce8deb

Det er tonar frå både høgskulen sitt kor og orkester med solistar, samt nokre studentband som skal innvie den nye salen.

– Vi har eit flott program som verkeleg viser kvalitet og breidde av det vi driv med til dagleg. Vi er stolte av både studentar, kor og orkester -  og vil gjerne vise fram den nye konsertsalen til bygdefolket, fortel Svein Hunnes, høgskulelektor ved avdeling for Kulturfag.

Konsertar og musikalske framføringar har blitt ein stor del av undervisninga ved musikkseksjonen, og behovet for oppgradering av lokalitetane har lenge vore gjeldande. – For at studentane skal få betre arbeidsforhold med lyd og senefasilitetar, var det no naudsynt med ein ny sal.

Den nye konsertsalen er i kjellaren på Kaarstad-huset. Her har det store auditoriet blitt delt i ein dramasal og ein konsertsal. I konsertsalen er der no eit skuvbart amfi med omlag 200 sitjeplassar, nye sceneteppe og nytt lydanlegg. Dette skal vere i stand til å handtere det aller meste av musikk(ut)trykk.

Det er Dalsfjord bygg som har stått for det byggtekniske. ForaForm har installert amfiet og Norcase har installert sceneteppe og anlegg.

– Vi gler oss til å ta i bruk den nye konsertsalen, og ser fram til opningskonserten torsdag 27. februar. Kom å prøv oss ut!, oppmodar Hunnes.

Dato: 27. februar 2014
Tidspunkt: 19.00
Stad: Kjellaren på Kaarstad-huset.

Les om nytt studietilbod: Faglærar i musikk.

Del på