Sunnmøre kammermusikkfestival - om programmet 2015

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Den austerrikske sopranen Elisabeth Breuer og Wolfgang Plagge vil framføre Sibelius: 5 songs, op. 37. Plagge vil også spele Sibelius Romance, op. 24 no. 9 for piano. Fiolinist og kunstnarleg leiar av Sunnmøre kammermusikkfestival, Annar Follesø, vil spele Carl Nielsen sin   Fiolinsonat No, 2 saman med den franske pianisten  Julien Quentin. Quentin vil også spele Nielsen sine fem pianostykke, op. 3.

Knut Nystedt

Knut Nystedt ville i år ha fylt 100 år. Festivalen vil minnast han under avslutningskonserten i Volda kyrkje. Festivalkoret, med sin faste dirigent Per Kristian Skalstad, vil då framføre det flotte verket Immortal Bach.

0ead2d038bcfc08506152ebf1f958797– Med desse komponistane Sibelius og Nielsen på programmet vil både Norge og Norden vere godt representert i programmet, sa dei kunstnarleg ansvarlege Wolfgang Plagge og Annar Follesø på Skype frå Oslo.

Video frå pressekonferansen.

Festivalkomponist

Årets festivalkomponist er Glenn Erik Olson Haugland. Haugland er busett i Os, og han har samarbeidd med fleire av dei store orkestra og profesjonelle musikkensemble i Norge. I 2004 vart Haugland nominert til Nordisk råds musikkpris. Han fekk Fartein Valen-stipendet i 2007. Festivalen sitt bestillingsverk vert urframført på opningskonserten på konsertsalen på Høgskulen i Volda torsdag 3. september.

Utøvarane

Publikum får i år stifte kjennskap med dei unge talenta Guro Kleven Hagen (fiolin) og Torunn Stavseng (cello). Dei har begge markert seg både nasjonalt og internasjonalt på eit høgt kunstnarleg nivå. Frå Tyskland kjem bratsjisten Barbara Buntrock. Ho er tilknytt College of Music i Lübeck. På piano får vi høyre franske Julien Quentin.

På avslutningskonserten får vi høyre Vigdis Unsgård saman med Elisabeth Breuer og Festivalkoret i Mozart si store messe i c-moll. Dirigent er Per Kristian Skalstad. Orkesteret ved Høgskulen  i Volda er også med.

Konsertar i Volda, Herøy, Ulsteinvik og Ørsta

Årets opningskonserten blir på Høgskulen i Volda torsdag 3. september.

Fredag 4. september blir det to konsertar. Den første på Fredheim i Ulsteinvik og den andre seinare på kvelden i Ørsta kyrkje.

Laurdag 5. september vert det ein konsert tidleg på dagen i Herøy.

Avslutningskonserten blir på Høgskulen i Volda laurdag 5. september .

På dei tre første konsertane vil unge talent frå kulturskulane ta del.

Torsdag 3. september blir det konsert på Volda omsorgssenter i samarbeid med den Kulturelle Spaserstokken.

Barn og ungdom

Festivalen ser arbeid med born og unge som ei viktig oppgåve. Ein vil difor også leggje til rette for at born i barnehage og skule skal få oppleve musikk på høgt nivå.

Plag Plagge

Trollsletta Barnehage og Volda Ungdomsskule får besøk av Wolfgang Plagge og hana opplegg «Plag Plagge». Seminar og meisterklassar Eit viktig aspekt ved Sunnmøre kammermusikkfestival er å tilby meisterklassar, seminar og førelesnader til elevar, studentar, lærarar og andre interesserte.

I år vil musikkstudentar og andre interesserte få høve til å få med seg meisterklassar, foredrag og få sjansen til å treffe årets festivalkomponist.

02a8a6e87d07ac10c7becbdc1e49e037Den unge pianisten Eirik Stave frå Volda spelte to komposisjonar unde pressekonferansen.

Det vil også bli arrangert ei open prøve for studentar på høgskulen slik at dei kan lære om korleis kammermusikk blir til, og korleis kammermusikk utviklar seg i øvingsprosessen.

Festivalleinga

2928f9b71b9712040d66eb1126036c02Styreleiar Gunnar Stave, leiar i venneforeininga Anne Sofie Egset og dagleg leiar Øystein Salhus.

Om festivalen

Initiativtakaren til Sunnmøre kammermusikkfestival er Jacob Kjøde jr. Dei kunstnarleg ansvarlege for festivalen er fiolinist Annar Follesø og professor Wolfgang Plagge, båe musikarar på internasjonalt toppnivå. Våren 2010 var første gongen festivalen gjekk av stabelen, og frå og med 2013 har festivalen motteke støtte frå Norsk Kulturråd.

Ein festival for alle

Follesø og Plagge vil kvart år ha ansvaret for å plukke programmet og musikarane som skal opptre for å sikre kvaliteten på festivalen. I eit nært samarbeid med Høgskulen i Volda er føremålet å arrangere ein årleg kammermusikkfestival på søre Sunnmøre, der folk i området kan få eit tilbod om gode musikkopplevingar på høgt nivå.

I tillegg til dette ønskjer festivalen å stimulere unge musikarar, samt til generell vekst og utvikling i musikklivet i regionen. På den måten skil Sunnmøre kammermusikkfestival seg frå andre kammermusikkfestivalar. Gjennom Eiksundsambandet kan dei ulike kulturskulane og andre lokale musikkrefter knyte regionen saman. Dette ynskjer festivalen å bidra til gjennom eit samarbeid med kulturskulane i form av seminar og meisterklasser retta mot born og unge. Artistane som er med under festivalen vil undervise lokale talent. Det vil også bli halde kurs og inspirasjonsseminar for kulturskulelærarar, studentar og andre interesserte.

Lenke til kammermusikkfestivalen sine nettsider.

Del på