Til København for å lære om ruspolitikk

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

bc547f774f6820d3824b1a273fe54d1c0d0d0ad3
─ Danmark er kjende for å ha ein meir liberal ruspolitikk enn Noreg, og vi ville sjå korleis eit land som var så nært oss geografisk kunne vere så annleis, seier Tanya Knøsen og Ragnhild Johannessen.

MORGENCAFÉEN

Høgskulen i Volda hadde ingen avtalar i København, så Knøsen og Johannessen søkte på nettet etter lågterskeltilbod, og tok telefon og e-post fatt. Dei fekk praksisplass på Morgencaféen, som er eit tilbod for heimlause. Der var dei i tre månadar.

Morgencaféen er open frå 7 til 13. Det er ein stad der heimlause kan kome å få mat, får tilbod om helsetenester og kan få hjelp til formelle papir frå det offentlege. Tilbodet har vore der i femten år, og det er no eit ektepar som driv kaféen.

─ Det heile byrja med at mora til mannen som driv det, sykla rundt med suppe på bagasjerommet som ho delte ut til heimlause, fortel Knøsen.

Dei som jobba på Morgencaféen hadde mange kontaktar, så Knøsen og Johannessen fekk også besøke andre rusbehandlingstilbod, midlertidig bustadtilbod og Det Grønlandske Hus, som er ein møtestad for grønlenderar i København. Dei blei møtt med nyttige problemstillingar som ein ikkje møter i Noreg.

─ Vi møtte mange frå Grønland. Det er ei stigmatisert gruppe som vi frå før av visste lite om. Det er få jobbar på Grønland, og ein del kjem til Danmark for å tene pengar. Men det er vanskeleg å kome til eit nytt land, og mange fell utanfor, fortel dei.

INTENS PRAKSIS OG GOD OPPFØLGJING

Å vere i ein slik praksisperiode gjorde intrykk på dei to.

─ Det var ein veldig intens måte å lære systemet å kjenne. Vi hadde med menneske å gjere, ikkje papirlappar, seier Johannessen.

Sjølv om mange av studentane ved sosionomutdanninga vel å ta praksisperioden sin i utlandet, er dei på ingen måte på eiga hand. 

─ Alle gruppene hadde ein rettleiar frå skulen, som besøkte dei i praksisperioden og følgde dei opp via e-post. Rettleiaren vår var Anne Marie Verpe. Ho støtta oss heile vegen og gjorde ein kjempejobb, seier Johannessen.

I tillegg fekk dei to Erasmus stipend.

─ Det var det som gjorde praksisen i København økonomisk mogeleg. Vi fekk nok i støtte til å dekke bukostnadar i Volda, seier Johannessen. 

VEGEN VIDARE

Når det gjeld vegen vidare vurderer Knøsen å ta masteren Meistring og myndiggjering, medan Johannessen er meir usikker. Men ein ting er dei einige om, dei ønskjer begge å jobbe med rusomsorg.

─ Draumen er å starte eit senter for pårørande av rusavhengige, eller kanskje Morgencaféen opnar ei avdeling i Noreg? Sjefen var ikkje heilt framand for det. Studiet har også fått meg til å ville engasjere meg politisk. Eg som eit menneske kan gjere ein forskjell, men dersom eg skal gjere noko på eit høgare plan må eg inn i det politiske. Ein dag skal roperten fram, seier Knøsen.

Del på