Tilbake til 70-tallet!

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

0735de146e298024fcaf572e988a5b15aec7461f

Fyrsteårsstudentane ved drama og teater på Høgskulen set i mai opp skodespelet 1975 av Jesper Halle. Skodespelet vart laga til Den Unge Scena (DUS) i 2011, og vi vert kjende med ein ungdomsgjeng som samlast sommaren 1975 på ein hytte i Danmark. Det vert ein tur dei aldri vil gløyme, og publikum får følgje dei gjennom fest og moro, gjennom brutte løfte, pinlege augneblink, oppløyste vennskap og livstruande situasjonar.

Drama og teaterstudentane møter i denne framsyninga mange nye utfordringar. Skodespelerane skal jobbe med dobling av rollane, så både timing og kroppsspråk vert viktig i formidlinga til publikum. Andre utfordringar er m.a. å finne dei riktige kleda og rekvisittane frå 1975.

Produksjonen er i full sving og skodespelarane jobbar i tillegg til rollene med kostyme, rekvisittar, lys, musikk og scenografi. Dette er ein stor jobb, og involverer mykje arbeid også utanfor skulen, men det er dette studentane ved drama og teater likar, så frå Teatersalen høyrer ein musikk og arbeid frå tidleg til seint.

Framsyninga har premiere 12.mai og alle er invitert til ein retro start på sommaren. Forestillinga 13. og 14. mai er klokka 19 i teatersalen på Kaarstad.

You won’t fool the children of the revolution!

Tekst:Gard Eirik Haugen Austrheim

Del på