TUREN GÅR TIL SVALBARD

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

ea97b4543c3eae95c32c741649adac6f2e2e4c16
Pål Ralger, Siri Nesbakk og Aurora Devold Refsum hentar utstyr som dei skal ta med til Svalbard.

Pål Ralger, Siri Nesbakk og Aurora Devold Refsum er alle studentar på årsstudiet Friluftsliv fordjuping. Dei tek studiet som ein del av bachelorgraden i Idrett og friluftsliv, og held no på med det andre året. Emnet som fører desse studentane til Svalbard heiter «Friluftsliv II». Emnet inngår som eit av fire emne i Friluftsliv fordjuping. Emnet har vekt på vinter, snø og skred, og studentane kan velje å ta fordjupingsturen sin til Sveits (Davos), Svalbard eller i Noreg. I tillegg til dette inneheld emnet ei studiesamling på snødekt bre og ei segltokt på Sunnmørskysten som avslutningstur.

a92769ddb5058801c8c5ccfca3441b0a30751504
Bilete frå ein tidelgare tur med studentar til Svalbard. 

Eit av krava som studentane må stette på Svalbard, er å vere med på ein tur som skal vare ei veke. Då skal dei gå på ski med pulk, sove i telt, oppleve og bli kjend med arktisk natur, kort sagt vere ute heile tida. Det å skulle ferdast i same miljø som isbjørnen, gjer at dei også må lære seg sikkerheitstiltak i forhold til dette. Denne veka ute i det fri er altså årsaken til at dei valde Svalbard som fordjuping. «Det skal vere litt hardt», seier dei. «Meldingane framover viser minus 30 grader. Det vert ei utfording å skulle vere ute så lenge samanhengande i så kaldt klima. Men vi vil heller overnatte ute i telt ei veke enn å gå inn i eit varmt hotell kvar kveld. Dette er noko annleis og utanom det normale, så vi ser faktisk fram til kulden og den fantastiske naturen.» Dei gler seg til å sjå det spektakulære lyset som kan vere så langt nord, og dei håper at dei skal kome inn på dyrelivet.

Når turen er over, må dei gje ein gruppevis presentasjon av turen til Svalbard for dei andre i klassa. Målet er at studentane skal dele erfaringane frå dei ulike turane med kvarandre. 

Pål, Siri og Aurora er litt usikre på kva dei skal bruke Bachelorgraden i idrett og friluftsliv til. Dei synest alle at det er svært kjekt og givande med idrett og friluftsliv, og at dei lærer viktig kunnskap som bør vidareførast i både skule og fritid. Ein idé er å bli lærar på ein folkehøgskule. Friluftsliv fordjuping har også eit emne som heiter «Helse». Dette emnet har fått dei tre studentane til å vurdere å jobbe med helsefremmande tiltak innan rehabilitering.

Dei fire andre som reiser saman med Pål, Siri og Aurora til Svalbard er Kristoffer Tveter Nordli, Martin Hagen Ring, Halfdan Wiik Strømgren og Sven Tore Sørdal.  

Tekst: Aud Marit Wigg – Avdeling for kulturfag

Del på