Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning 2016
Studieplanen byggjer på Nasjonal forskrift om rammeplan for barnehagelærarutdanning med nasjonale retningslinjer fastsett 4. juni 2012 av Kunnskapsdepartementet med heimel i Lov om universitet og høgskoler av 1. april 2005.
Studiet skal utdanne fagleg dyktige og reflekterte barnehagelærarar. Utdanninga legg vekt på samspel mellom høg fagleg, didaktisk og sosial kompetanse saman med evne til profesjonsetisk refleksjon i pedagogisk arbeid med barn i barnehagen. Pedagogisk leiing er ein sentral del av barnehagelæraryrket. Ei målsetjing gjennom heile studiet er å utdanne barnehagelærarar med kompetanse i leiing av barnegrupper og personalgrupper. Eit overordna, gjennomgåande tema er profesjonell identitet. Andre gjennomgåande tema er dei yngste barna i barnehagen og barns rett til medverknad og mangfald.
Utdanninga kvalifiserer for pedagogisk arbeid i barnehage og med barn på tilsvarande alderssteg i andre institusjonar. Studiet gir bachelorgrad og grunnlag for opptak til mastergradsstudium.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
Kandidaten
- har kunnskap om barnehagen i Noreg, mellom anna barnehagens eigenart, historie, samfunnsmandat, lovgrunnlag og styringsdokument.
- har brei kunnskap i pedagogikk og om barnehagens fagområde, om leiing og tilrettelegging av pedagogisk arbeid, og om barns leik og læringsprosessar.
- har brei kunnskap om korleis barns danning skjer, om moderne barndom, barnekultur, barns ulike oppvekstvilkår, bakgrunn og utvikling i eit samfunn prega av språkleg, sosialt, religiøst, livssynsmessig og kulturelt mangfald.
- har brei kunnskap om barns språkutvikling og fleirspråklegheit, om sosial, fysisk og skapande utvikling, og om gryande digitale -, lese-, skrive- og matematikkferdigheiter.
- har brei kunnskap om barns rettar og om kva som kjenneteiknar eit inkluderande, likestilt, helsefremjande og lærande barnehagemiljø.
- kjenner til nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid med relevans for barnehagelærarprofesjonen, og kan oppdatere kunnskapen sin innan fagområdet.
Kandidaten
- kan bruke fagkompetansen sin og relevante resultat frå FoU til å leie og legge til rette for barns leik, undring, læring og utvikling og til å grunngje vala sine.
- kan vurdere, stimulere og støtte ulike barns allsidige utvikling i samarbeid med heimen og andre relevante instansar.
- kan bruke fagkompetansen sin til improvisasjon i leik, læring og formidling.
- kan vurdere, stimulere og støtte barns ulike evner, og ta omsyn til barns ulike bakgrunn og føresetnader.
- kan fremje kreative prosessar og kultur- og naturopplevingar, med fokus på barns skapande aktivitet, heilskapleg læring og oppleving av meistring.
- kan nytte relevante faglege verktøy, strategiar og uttrykksformer i eigne læringsprosessar, i pedagogisk arbeid, i samhandling med heimen og relevante eksterne instansar.
- kan identifisere særskilte behov hos enkeltbarn, og med bakgrunn i faglege vurderingar raskt kunne sette i verk tiltak.
- kan leie og rettleie medarbeidarar, reflektere kritisk over eigen praksis og justere denne under rettleiing.
- kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff, og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling.
Kandidaten:
- har innsikt i profesjonsetiske problemstillingar, særleg knytt til ansvar, respekt og maktperspektiv.
- kan planlegge, leie, gjennomføre, dokumentere og reflektere over pedagogisk arbeid knytt til barnehagens innhald og oppgåver i tråd med etiske krav og retningsliner, og med utgangspunkt i forskings- og erfaringsbasert kunnskap.
- meistrar norsk språk, både bokmål og nynorsk på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng.
- kan trekke globale, nasjonale, regionale, lokale og fleirkulturelle perspektiv, prega av respekt og toleranse, inn i barnehagens arbeid.
- har endrings- og utviklingskompetanse, kan leie pedagogisk utviklingsarbeid og bidra til nytenking og innovasjonsprosessar for framtidas barnehage.
- kan formidle sentralt fagstoff munnleg og skriftleg, kan delta i faglege diskusjonar innanfor utdanningas ulike fagområde og dele kunnskapar og erfaringar.
Barnehagelærarutdanninga er eit 4-årig bachelorgradsstudium på 180 studiepoeng.
Utdanninga sitt innhald er strukturert i seks kunnskapsområde, saman med ei fordjuping og ei bacheloroppgåve.
Alle kunnskapsområda skal vere profesjonsretta, og skal integrere relevant pedagogisk, fagleg og didaktisk kunnskap som er tilpassa barnehagane sine fagområde.
Pedagogikk er eit sentralt og samanbindande fag som inngår i alle kunnskapsområde og har eit særleg ansvar for progresjon og profesjonsretting av utdanninga.
I utdanninga inngår rettleia og vurdert praksisopplæring, integrert i alle kunnskapsområde. Praksisopplæringa omfattar 100 dagar.
Gjennomgåande tema i alle tre studieåra er:
- Profesjonell identitet
- Leiing
- Mangfald
- Dei yngste barna i barnehagen
- Barns rett til medverknad
Kunnskapsområda "Barns utvikling, leik og læring" og "Språk, tekst og matematikk" er begge forsterka med 10 stp. I 4.studieår skal studenten velje ei fordjuping, og ved Høgskulen i Volda kan studenten velje fordjuping i «Kunst, kultur og Kreativitet», «Natur, helse og rørsle», eller ei fordjuping som går på tvers av fleire kunnskapsområde og som omhandlar spesialpedagogikk, språk og mangfald.
Barnehagelærarutdanninga gjennomfører dei ulike kunnskapsområda parallelt i 1. – 3. studieår. I 4. studieår vert det undervist i BLUBA-A, skriving av bacheloroppgåve, fordjuping og/eller internasjonalt semester.
Studiet er organisert med vekt på studentaktive læringsformer i eit sosialt samspel. Undervisning vil bli gitt som ein kombinasjon av vekesamlingar på Høgskulen i Volda (Campus) og undervisning på nett ein fast dag kvar veke. Ein del av undervisninga vil bli gitt i sanntid via konferansesystemet Adobe Connect, eller studenten vil få tilgang til nettleksjonar. Høgskulen nyttar e-læringsverktøyet Fronter i alle studium. Undervisninga går føre seg i plenum og i seminar- og basisgrupper. Dette gjeld både for dei fysiske samlingane på Campus og nettundervisninga i sanntid.
I ABLU har studenten tre ulike læringsarenaer i tillegg til undervisning frå Høgskulen i Volda (HVO) og praksis barnehagen, er det stort fokus på arbeidsplassen som ein viktig læringsarena. Studentane vil jamt få oppgåver som skal løysast eller prøvast ut på arbeidsplassen.
Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet
Det blir forventa at studentane møter opp til undervisning og at dei er tilgjengelege for medstudentar i samband med basisgruppearbeid, også utanom den timeplanlagde studietida. For at studenten skal få eit godt utbytte av undervisninga er det påkrevd at studenten er godt førebudd. Sjå den einskilde emneplan. Viser òg til Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda: http://www.lovdata.no/for/sf/kd/kd-20090305-0289.html
For å kunne framstille seg til eksamen må studenten ha gjennomført og fått godkjende alle arbeidskrav. Desse er omtala i den einskilde emneplanen, og kan vere:
- obligatoriske faglege oppgåver
- obligatorisk frammøte og deltaking
Arbeidskrav og eksamen
Det er to forsøk på obligatoriske arbeidskrav og interne prøver. Dette er i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda . Alle arbeidskrav har vurderingsuttrykk Godkjent/Ikkje godkjent.
Emna har ulike og varierte eksamensformer. Alle emne har karakter på vitnemålet. Nærare opplysningar om grunnlaget for karakteren finn du i den einskilde emneplanen.
Studentar som søkjer innpassing av fag vert vurdert etter gjeldande retningsliner.
Emne | 2016 H | 2017 V | 2017 H | 2018 V | 2018 H | 2019 V | 2019 H | 2020 V |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
10 | 5 | |||||||
12.5 | 7.5 | |||||||
* | * | |||||||
10 | 10 | |||||||
5 | 10 | |||||||
7.5 | 12.5 | |||||||
* | ||||||||
7.5 | 7.5 | |||||||
15 | 15 | |||||||
* | * | |||||||
Valbart fordjupningsemne | 30 | |||||||
30 | ||||||||
30 | ||||||||
30 | ||||||||
* | ||||||||
15 | ||||||||
Sum (180 total) | 22.5 | 22.5 | 22.5 | 22.5 | 22.5 | 22.5 | 30 | 15 |
Studenten må ha ei normalt kraftig datamaskin, berbar eller stasjonær som må oppfylle visse krav:
• Maskina bør ikkje vere eldre enn 2 år
• Minne (RAM): Minst 4 Gb
• Prosessor (CPU): Minst to-kjerna (dual core) AMD eller Intel. Fire-kjerna prosessor gir langt bedre yting.
• Harddisk: Minst 50 Gb ledig plass
• Skjerm som har god oppløysing, og ikkje er for liten. Skjermen bør minimum vere på 15,4 tommar, med ei skjermoppløysing på 1366x768 eller meir. Dersom du skal kjøpe ny maskin, tilrår vi HD-oppløysing.
• Nettbrett, som iPad eller tilsvarande, kan ikke brukast som hovedmaskin. Netbooks som Acer Aspire One, Asus Eee og tilsvarande er for små til å følge nettundervisning på.
Det er viktig å ha eit godt webkamera. Berbare maskiner har ofte innebygd webkamera med mikrofon. Har du ei slik maskin, må du sjekke om dette kameraet og lyden er bra nok. Dersom du må kjøpe må det vere eit kamera i HD-kvalitet med usb-kobling og ekkokansellering på mikrofonen.
Du treng eit godt headset med mikrofon. Headset må vere av USB-type, ikkje mini-Jack plugger. Du kan ikkje bruke lause eller innebygde mikrofonar i skjerm eller pc.
For å få eit stabilt bilde og god lydkvalitet, er det viktig at du har stabil nettforbindelse. Forbindelsen må ha lav grad av pakkeforsinking (<50Ms). Du må ha minimum 5 Mbps hastighet nedlasting, og 0,5 Mbps opplasting (Telenor Breiband 5 eller tilsvarande). Vi anbefaler at du ikkje er tilknytt trådløst nett på nettsamlingane, men at du brukar kabla nettforbindelse mellom PC/laptop og router.
Programvare
• For PC-brukarar: Vi anbefaler Windows 8, Windows 7 eller eventuelt Windows Vista.
• For Mac-brukarar: Vi anbefaler OS X 10.6 eller nyare
Å vera skikka som barnehagelærar
Utdanningsinstitusjonen har ansvar for å vurdere om ein student er skikka for yrket. Skikkavurdering legg til grunn ei heilskapleg vurdering av studenten sine faglege, pedagogiske og personlege føresetnader. Utskriving av vitnemål for fullført utdanning føreset at studenten er vurdert skikka for yrket. Høgskulen har eige reglement for dette: http://www.lovdata.no/for/sf/kd/kd-20060630-0859.html
Praksisopplæringa skal vere rettleia, variert og vurdert og vere ein integrert del av alle kunnskapsområda og fordjupingseiningane.
Variert praksis inneber at studenten får erfaring med ulike sider av barnehagelæraryrket i eit barnehagefelt prega av endring, mangfald og kompleksitet. Studentane skal få høve til å vere både deltakande, utforskande og observerande i pedagogisk verksemd i barnehagen. Studentane skal få erfaring med pedagogisk arbeid med barn med ulike føresetnader og behov, og i ulike aldersgrupper. Studentane skal få variert praksis som omfattar planlegging og gjennomføring av læringsprosessar, pedagogisk leiing, samarbeid med kollegaer og foreldre, dokumentasjon og vurdering. Studentane skal få trening i å reflektere kritisk over eigen praksis og etablerte praksisar i barnehagen.
Høgskulen har avtalar med eigarar av barnehagane om gjennomføring av praksisopplæringa. Den enkelte praksisbarnehage har, saman med fagmiljøa og leiinga for barnehagelærarutdanninga på høgskulen, ansvar for å legge til rette praksisopplæringa. Heile barnehagen er praksisarena for studentane. Styrar har det overordna ansvar for praksisopplæringa og praksislærar har hovudansvar for rettleiing og vurdering av den enkelte student, i samarbeid med studenten sin faglærar i praksis. Alle kunnskapsområda er ansvarlege for å følgje opp studenten i praksis. Utdanningssamtalane skal ta utgangspunkt i studentane sine erfaringar frå praksisfeltet og også nytte desse erfaringane som ressurs i arbeidet med kunnskapsområda. Høgskulen skal syte for at studentane sine erfaringar og problemstillingar frå praksis vert integrerte i teoretiske og faglege perspektiv i dei einskilde kunnskapsområda. Dette skal bidra til å gje studentane erfarings- og forskingsbasert grunnlag for yrkesutøvinga.
Praksis er ein obligatorisk del i alle åra i barnehagelærarutdanninga. Det er obligatorisk frammøte til all praksis, praksisførebuing og etterarbeid. Dette gjeld også møta med praksislærar i tilknyting til praksisperiodane og til teoriundervisning, planlegging og etterarbeid knytt til praksisoppgåva. Om ein student har meir enn 10 % fråvær/permisjon frå praksis, må studenten ta att dagar slik at studenten kjem over 90 % frammøte i praksis. Dette skjer etter avtale med praksislærar og praksiskoordinator.
Praksislærar skal gje kvar student munnleg og skriftleg rettleiande vurdering av arbeidet undervegs. Studenten skal vurderast etter fullført praksisopplæring kvart studieår, og karakteruttrykket er Stått / Ikkje stått. Praksislærar har hovudansvaret, men i situasjonar der det oppstår tvil, skal vurderinga skje i samråd med studieleiar, praksiskoordinator og faglærar i praksis. Studentar som syner manglar i forhold til å meistre yrket, må så tidleg som mogleg få vite korleis dei står i forhold til krava til skikkavurdering. Jmf. Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning. http://www.lovdata.no/for/sf/kd/kd-20060630-0859.html
Vilkår for å gå ut i praksis:
• Levert godkjend politiattest
• Levert teiepliktskjema
• Godkjent frammøte til all praksisførebuing
• Godkjende krav frå føregåande praksis
Vilkår for å ta til på neste studieår: Stått praksis frå året før.
Dersom ein student får karakteren "Ikkje stått" i praksis, har han høve til å gjennomføre eitt nytt forsøk, og dette vert forsøkt gjennomført så snart som råd. Studenten får særskilt rettleiing av ein annan praksislærar på dei områda der han har vist manglar. Får studenten "Ikkje stått" også denne gongen, må han avbryte studiet.
Viser til meir utfyllande informasjon i emneplanar for praksis, BLUPRA-A 1-4.
Det er mulig for studenten å velje eit internasjonalt semester i det siste semesteret i utdanninga. (Vår 4. år) Barnehagelærarutdanninga anbefalar Stranmillis University College (SUC) i Belfast.
Det er også lagt inn studieturar til utlandet i fleire avfordjupingsemna som vi tilbyr.
Nokre kunnskapsområde legg delar av undervisninga til miljø utanfor høgskulen, og studentane må difor rekne med kostnader til slike ekskursjonar.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
Tiltak for å sikre og utvikle kvalitet i studiet:
- Individuelle utdanningsplanar med påfølgjande utdanningssamtalar leia av basisgruppeleiar.
- Faggrupper for studiekvalitet knytt til kvart emne (jfr. eigne retningsliner).
- Rettleiing og oppfølging i fag og praksis v/ basisgruppeleiar.
- Årlege eller semestervise digitale spørjeskjema knytt til studium og emne.
- Faste møte mellom tillitsvalde og studieleiar.
- Semestervise møte mellom barnehagestyrarane i praksisbarnehagane og leiinga av førskulelærarutdanninga.