Grunnskulelærarutdanning for 1.-7. årssteg
Høgskulen i Volda skal utdanne dyktige og reflekterte lærarar som skal legge til rette for gode læringsmiljø for elevar på 1.–7. årssteg. Utdanninga er ei 4-årig profesjonsutdanning og krev aktiv deltaking frå studentane. Utdanninga tek utgangspunkt i gjeldande læreplanverk for grunnskulen. Studiemodellen som er valt ved Høgskulen i Volda gir høve til breidde og fordjuping i fag. Dei ulike faga har sine særpreg og arbeidsmåtar, og vi skal sikre at studenten har eit godt fundament for arbeidet som lærar i faga. I både obligatoriske fag og valde fag vert det lagt vekt på tverrfaglege tema, som grunnleggande ferdigheiter, begynnaropplæring, kreative uttrykksmåtar, digital kompetanse og den internasjonale dimensjonen.I grunnskulelærarutdanninga er praksis integrert i alle fag og det vil vere eit nært samarbeid mellom faget pedagogikk og elevkunnskap, dei ulike faga og praksislærarane.
Det er praksis i alle dei fire åra, med oppstart allereie tidleg fyrste året. Undervisningsaktivitetar på høgskulen vil førebu til god profesjonsforståing og erfaringar frå praksis vil vere utgangspunkt for teoretiske refleksjonar. Utdanninga skal setje læraryrket inn i ein historisk og samfunnsmessig samanheng og bidra til kritisk refleksjon og profesjonsforståing. Slik tek vi hand om danningsaspektet ved utdanninga. I fjerde studieår vil eit internasjonalt semester (eit semester i utlandet) vere eit mogleg tilbod til studentane.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
Studenten
- har faglege og fagdidaktiske kunnskapar i matematikk, norsk og andre fag som inngår i utdanninga, og god kunnskap om begynnaropplæring
- har kunnskap om arbeid med grunnleggjande ferdigheiter (utrykkje seg munnleg, lese, utrykkje seg skriftleg, rekne, bruke digitale verktøy) i og på tvers av fag.
- kan leggje til rette for progresjon i opplæringa av disse ferdigheitene tilpassa elever på 1.-7. trinn
- har kunnskap om det heilskaplege opplæringsløpet, med vekt på overgangen frå barnehage til skule og barne-/mellomsteg til ungdomssteg.
- har kunnskap om eigenarten til skulen og lærarprofesjonen, historie, utvikling og plass i samfunnet og om skulens formål, verdigrunnlag, lovgrunnlag, gjeldande læreplanar og rettigheitene til ulike elevar.
- har kunnskap om læreplanarbeid og om skulen som organisasjon
- har kunnskap om læringa til barn og unge, utvikling og danning i ulike sosiale, fleirkulturelle og fleirspråklege kontekstar.
- har kunnskap om klasseleiing og klassemiljø, og om utvikling av gode relasjonar til og mellom elevar
- har kunnskap om et breitt repertoar av arbeidsmåtar og læringsressursar, og om samanhengen mellom innhald, arbeidsmåtar og føresetnadene til elevane.
- har kunnskap om oppvekstmiljøet til barn og unge, likestilling og identitetsarbeid
- har kunnskap om barn i vanskelege situasjonar, og om rettane til barn og unge i et nasjonalt og internasjonalt perspektiv.
- har kunnskap om nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid med relevans for lærarprofesjonen.
Kandidaten:
- planleggje, gjennomføre og reflektere over undervisning sjølvstendig og i samarbeid med andre, i og på tvers av fag.
- med utgangspunkt i forskings- og erfaringsbasert kunnskap leggje til rette for og leie gode og skapande læringsmiljø.
- kan leggje til rette for estetisk utfalding, oppleving og erkjenning og kan tilpasse opplæringa til behova til ulike elevar, motivere til lærelyst gjennom å tydeleggjere læringsmål og bruke varierte arbeidsmåtar for at elevane skal nå måla.
- kan vurdere og dokumentere læringa til elevane, og utvikling i samsvar med opplæringa sitt mål, gi læringsfremjande tilbakemeldingar og bidra til at elevar kan vurdere eiga læring.
- kan reflektere kritisk over eigen – og skulens – praksis i arbeid med vidareutvikling av lærarrolla og profesjonsetiske spørsmål
- meistrar norsk munnleg, norsk skriftleg, både bokmål og nynorsk, og kan bruke språket på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng.
- kan vurdere og bruke relevante forskingsresultat, og sjølv gjennomføre systematisk utviklingsarbeid.
- kan, i samarbeid med føreresette og faglege instansar, identifisere spesielle behov hos elevane og setje i verk nødvendige tiltak
- kan leggje til rette for utvikling av kompetanse i entreprenørskap, og for at lokalt arbeids- og samfunnsliv vert involvert i opplæringa.
Kandidaten kan
- bidra til eit profesjonelt lærarfelleskap med tanke på vidareutvikling av god praksis og yrkesetisk plattform.
- stimulere til demokratiforståing, demokratisk deltaking og evne til kritisk refleksjon tilpassa aktuelle klassesteg
- bidra til å styrkje internasjonale og fleirkulturelle dimensjonar ved arbeidet i skulen og bidra til forståing for samane si status som urfolk
- identifisere eigne lærings- og kompetansebehov i tilknyting til læraryrket
- har endrings- og utviklingskompetanse som grunnlag for å møte framtidas skule..
Undervisninga i studiet er obligatorisk.
- For å gå opp til eksamen i eit emne må alle arbeidskrav knytt til emnet vere oppfylt, og studenten må fylle frammøtekravet i emnet.
- På emne som byggjer på kvarandre, må emnet under vere fullført før studenten kan ta eksamen. Sjå elles Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, Kapittel 4 - Om gjennomføring av studiet.
- Studenten må stå i praksis kvart studieår for å halde fram neste studieår. Sjå meir om dette i emneplan for praksis
Faget pedagogikk og elevkunnskap er totalt på 60 studiepoen og går over dei tre fyrste åra, med 15 studiepoeng både første og andre året og 30 studiepoeng tredje året. Tredje året er 15 av dei 30 studiepoenga knytt til bacheloroppgåva.
Dei to fyrste åra er matematikk og norsk obligatorisk på 30 studiepoeng kvar. Studentane kan i tillegg velje mellom engelsk eller kunst og handverk, kvar på 30 studiepoeng. Tredje året kan ein byggje vidare til 60 studiepoeng i faga matematikk eller norsk. Vi tek atterhald om studenttal i høve til oppstart av valfaga. I fjerde studieår kan studentane velje anten kroppsøving, naturfag eller RLE om hausten, og spesialpedagogikk, internasjonalt semester eller fordjuping i RLE om våren.
Alternativt kan studenten velje overgang til to-årig masterprogram i Undervisning og læring med spesialisering i spesialpedagogikk, norsk eller matematikk. Dersom studenten vel spesialisering i spesialpedagogikk, må han/ho ta 30 stp skulefag i tillegg for å få vitnemål for 4-årig grunnskulelærarutdannig. Modellen kan verte justert/endra.
Høgskulen i Volda samarbeider med dei andre høgskulane på Vestlandet slik at alle skulefag skal kunne takast på ein av institusjonane.
Emne | 2016 H | 2017 V | 2017 H | 2018 V | 2018 H | 2019 V | 2019 H | 2020 V |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1. STUDIEÅR | ||||||||
7.5 | 7.5 | |||||||
7.5 | 7.5 | |||||||
7.5 | 7.5 | |||||||
* | * | |||||||
* | ||||||||
Valemne (du får tilbod om eitt av desse faga og skal ha same faget i andre studieår) | 7.5 | 7.5 | ||||||
7.5 | 7.5 | |||||||
7.5 | 7.5 | |||||||
2. STUDIEÅR | ||||||||
7.5 | 7.5 | |||||||
7.5 | 7.5 | |||||||
7.5 | 7.5 | |||||||
* | * | |||||||
Valemne (framhald frå første studieår) | 7.5 | 7.5 | ||||||
7.5 | 7.5 | |||||||
7.5 | 7.5 | |||||||
3. STUDIEÅR | ||||||||
15 | ||||||||
15 | ||||||||
* | * | |||||||
Vel eitt av dei obligatoriske faga frå 1. og 2. studieår. Du må ha totalt 60 stp i eitt av faga etter tredje studieår. | 15 | 15 | ||||||
15 | ||||||||
15 | ||||||||
15 | ||||||||
15 | ||||||||
4. STUDIEÅR | ||||||||
* | ||||||||
Valemne: | 30 | 30 | ||||||
30 | ||||||||
30 | ||||||||
15 | ||||||||
15 | ||||||||
30 | ||||||||
15 | ||||||||
15 | ||||||||
Alternativt kan det søkjast om opptak til master i undervisning og læring. Åttande og siste semester kan nyttast til internasjonal utveksling. Kontakt studieleiar for meir informasjon. | ||||||||
Praksis 1.-3. studieår er fordelt 15 dagar haust og 15 dagar vår. Praksis 4. studieår er 10 dagar vår. NB! Studentar som skal ha internasjonalt semester om våren må ha praksis om hausten. | ||||||||
Sum (240 total) | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 |
Vurdering av om ein student er skikka for læraryrket, føregår gjennom heile studiet. Ein skil mellom løpande og særskild skikkavurdering. Den løpande skikkavurderinga skal gå føre seg gjennom heile studiet.
Særskild skikkavurdering startar med at tvilsmelding vert levert. Dersom det er tvil om ein student er skikka for læraryrket, må den som er i tvil, melde frå om tvilen til studieleiar på eige skjema. Det formelle grunnlaget for skikkavurdering er nedfelt i lov om universitet og høgskular, § 42 b, i forskrift om skikkavurdering vedteken av UFD (Utdannings- og forskningsdepartementet) 07.10.2005.
I løpet av dei fire studieåra skal studenten ha gjennomført og fått godkjent 100 dagar rettleia og vurdert praksis.
Praksis er fordelt slik:
- Første studieår: 30 dagar, normalt på mellomsteget.
- Andre studieår: 30 dagar, normalt på småskulesteget.
- Tredje studieår: 30 dagar, på 1-7 klassesteg.
- Fjerde studieår: 10 dagar, på 1-7 klassesteg
Praksis skal normalt gjennomførast på praksisskular som HVO har avtale med. Studenten må stå i praksis kvart år for å gå vidare. Sjå utfyllande informasjon i emneplan for praksis.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.