See list of study plans starting on:

Idrett fordjupning

Studieprogram: 
Idrett fordjupning
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2016
Studieplassar: 
20
Studietype: 
Fordjupning (bachelornivå)
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Idrett årsstudium grunnivå, eller tilsvarande.

Om studiet

Studiet er obligatorisk fordjuping i Bacholor idrett. Fordjupinga gjer kandidatane godt kvalifiserte for arbeid i frivillig, organisert og uorganisert idrett og anna relevant arbeid i helsesektoren, treningssenterbransjen. Studiet dannar grunnlag for vidare mastergradsstudium i idrett/kroppsøving. For å få undervisningskompetanse i skuleverket må studenten i tillegg ha pedagogiske kompetanse (PPU). For å kvalifisere til opptak til praktisk-pedagogisk utdanning, må du ha to skulefag.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har kunnskap, erfaring og ferdigheit innan ski som kroppsøvingsaktivitet og som idrettsaktivitet
  • har kunnskap om eit breitt spekter av sentrale tema, teoriar, problemstillingar, endringsprosessar, analyseverktøy og metodar innan prestasjonsutvikling i idrett og fysisk aktivitet i førebyggande helsearbeid.
  • har kunnskap om grunnleggande vitskaplege retningslinjer og evne til å fordjupe seg i eit fagleg emne, kunne problematisere, drøfte det systematisk, kritisk og balansert, samanfatte og konkludere
Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan drive opplæring innan prestasjonsutvikling med vekt på tilrettelegging for trening av fysisk kapasitet, bevegelse og idrettspsykologi for individ på ulike nivå
  • kan drive opplæring innan ski som idrettsaktivitet og kroppsøvingsaktivitet
  • kan drive opplæring innan helsefremjande arbeid med vekt på betydinga av fysisk aktivitet, tilrettelegging for fysisk aktivitet for ulike grupper og kunnskap om motivasjonens betyding for valet av ein fysisk aktiv livsstil
  • kan anvende forskningsbasert fagleg kunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar og treffe grunngitte val
  • kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det belyser aktuelle faglege problemstillingar og kan bruke relevante faglege analyseverktøy, teknikkar og uttrykksformer
Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan utøve kritisk og sjølvstendig tenking
  • kan presentere og formidle problemstillingar, synspunkt og løysingar, både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer som vert nytta i idrett.
  • har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar
  • kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekkjer seg over tid, åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningsliner.
  • kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante utrykksformer.
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn innanfor idrett, og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis.
  • kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar
Organisering og arbeidsmåtar

Idrett fordjupning består av fire emne: IFL201 Prestasjonsutvikling (haust) IFL202 Skiutdanning 2 (vår) IFL205 Helse (haust)IFL206 Bacheloroppgåve (vår)IFL201 og IFL 205 må takast før IFL202 og IFL 206.

Idrett fordjupingsstudium
Navn: 
Idrett fordjupingsstudium
Praksis

Det vert stilt krav om 4 dagar observasjonspraksis knytt til fysisk aktivitet og helse. Det vert stilt krav om 20 timar praksis i alpint eller telemark knytt til treningsgruppe i idrettslag eller annan organisasjon som driv konkurransemessig trening.

Kostnader

Materialavgift på alle emne, mellom 200 og 400 kroner. Sjå emneplanane.

Anna
Seksjonen nyttar Fronter i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til bruk av IKT. Informasjonsteknologi vil vere eit reiskap i samband med informasjonssøking, arrangement, testing, studentpresentasjonar og undervisning i faget. Krav for å få godkjent studiet:Godkjent alle emne, godkjent praksis og betalt materialavgift.
Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem