Idrett fordjupning
Studiet er obligatorisk fordjuping i Bacholor idrett. Fordjupinga gjer kandidatane godt kvalifiserte for arbeid i frivillig, organisert og uorganisert idrett og anna relevant arbeid i helsesektoren, treningssenterbransjen. Studiet dannar grunnlag for vidare mastergradsstudium i idrett/kroppsøving. For å få undervisningskompetanse i skuleverket må studenten i tillegg ha pedagogiske kompetanse (PPU).
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Kandidaten
- har kunnskap, erfaring og ferdigheit innan ski som kroppsøvingsaktivitet og som idrettsaktivitet
- har kunnskap om eit breitt spekter av sentrale tema, teoriar, problemstillingar, endringsprosessar, analyseverktøy og metodar innan prestasjonsutvikling i idrett og fysisk aktivitet i førebyggande helsearbeid.
- har kunnskap om grunnleggande vitskaplege retningslinjer og evne til å fordjupe seg i eit fagleg emne, kunne problematisere, drøfte det systematisk, kritisk og balansert, samanfatte og konkludere
Kandidaten
- kan drive opplæring innan prestasjonsutvikling med vekt på tilrettelegging for trening av fysisk kapasitet, bevegelse og idrettspsykologi for individ på ulike nivå
- kan drive opplæring innan ski som idrettsaktivitet og kroppsøvingsaktivitet
- kan drive opplæring innan helsefremjande arbeid med vekt på betydinga av fysisk aktivitet, tilrettelegging for fysisk aktivitet for ulike grupper og kunnskap om motivasjonens betyding for valet av ein fysisk aktiv livsstil
- kan anvende forskningsbasert fagleg kunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar og treffe grunngitte val
- kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det belyser aktuelle faglege problemstillingar og kan bruke relevante faglege analyseverktøy, teknikkar og uttrykksformer
Kandidaten
- kan utøve kritisk og sjølvstendig tenking
- kan presentere og formidle problemstillingar, synspunkt og løysingar, både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer som vert nytta i idrett.
- har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar
- kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekkjer seg over tid, åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningsliner.
- kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante utrykksformer.
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn innanfor idrett, og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis.
- kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar
Studiet består av fire emne, kvart på 15 studiepoeng.
IFL201 (haust)
IFL205 (haust)
IFL202 (vår)
IFL206(vår)
Undervisning i studiet varierer mellom førelesing, praktisk undervisning, laboratoriearbeid, ekskursjonar, innleveringar (individuelt og i grupper). Delar av studiet er obligatorisk. Dei delane som er obligatorisk vil gå fram av dei ulike emneplanane.
Vurderingsformer:
IFL201, tretimers skriftleg eksamen i treningslære, tretimer skriftleg eksamen i idrettspsykologi.
IFL205, munnleg eksamen (25 minutt) knytt til praksis.
IFL202, praktiske eksamen (ferdigheit i alpint vurdert gjennom to vekessamlingar på ski), sekstimers skiftleg eksamen.
IFL205, Alternativ1) Skriftleg oppgåve, normalt i grupper på 2-3. Alternativ 2) munnleg framlegging på 25 minutt og 15 minutt eksaminasjon.
Emne | 2017 Haust | 2018 Vår |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
Sum (60 total) | 30 | 30 |
Det vert stilt krav praksis knytt til IFL205 helse. Det vert stilt krav om praksis i alpint. Omfang går fram av emneplanane.
Materialavgift på alle emne, mellom 200 og 400 kroner. Sjå emneplanane.
Studentane må dekkje utgifter til reiser og oppgåvene med matlaging og servering.
Studentar som ikke har høve til å delta på turane må søke om et alternativt opplegg.
Som alternativ til å reise på samling må studentane framvise dokumentasjon på at læringsmåla knytt til den einskilde samlinga blir oppfylt. Ein plan for alternativt opplegg må godkjennast av emneansvarlig og dekan i god tid på førehand. Det vert stilt høge dokumentasjonskrav.
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem