See list of study plans starting on:

PR, kommunikasjon og media

Studieprogram: 
PR, kommunikasjon og media - bachelor
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
180
Studielengd: 
6 semester
Kull: 
2016
Studieplassar: 
27
Studietype: 
Bachelorgradsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Om studiet

Alle organisasjonar kommuniserer med omverda. Behovet for meir og betre kommunikasjon i alle former aukar.  Bachelorprogrammet i PR, kommunikasjon og media skal utdanne sjølvstendige, leiande, kreative og kritiske kommunikasjonsstrategar.

Studiet kvalifiserer for kommunikasjonsfagleg arbeid i offentleg forvaltning, frivillige organisasjonar og private verksemder. Det gir kompetanse i å planlegge og gjennomføre kommunikasjonstiltak og å gjere overordna strategiske analysar.

Avdeling for mediefag i Volda er det sentrale utdanningsmiljøet i Norge innan media og kommunikasjon. Her har det vore tilbod om kommunikasjonsutdanning sidan 1971, i tett samspel med journalistikk- og animasjonsutdanningane.

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Kandidaten har

  • brei kunnskap om grunnleggande tema, metodar, teoriar, problemstillingar og verktøy innan kommunikasjonsfaget
  • er oppdatert på sentrale forskingsspørsmål innan kommunikasjonsteori, journalistikk og medievitskap
  • kan oppdatere sin kunnskap innan fagområdet kommunikasjonsteori
  • har kunnskap om kommunikasjonsfaget si historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet
  • har kunnskap om tale-, bilete- og skriftspråk som sosialt fenomen og kommunikasjonsmiddel
Ferdigheiter

Kandidaten kan

  • kan beherske relevante kommunikasjonsfaglege og journalistiske verktøy, teknikkar, sjangrar og uttrykksformer
  • kan finne, vurdere, og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det kastar lys over kommunikasjonsfaglege problemstillingar
  • kan samarbeide om kommunikasjonsfaglege prosjekt
  • kan arbeide sjølvstendig og leie kommunikasjonsarbeid
  • bruke relevant fagkunnskap, metodar og resultat frå forskings- og utviklingsarbeid på praktiske og teoretiske problemstillingar og treffe grunngjevne val
  • kan reflektere kritisk over eigen fagleg praksis og justere denne under rettleiing
Generell kompetanse

Kandidaten

  • har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar
  • kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekker seg over tid, åleine og som deltakar i gruppe, i tråd med etiske krav og retningslinjer
  • kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn innanfor fagområdet og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis
  • kjenner til korleis innovasjonsprosessar fungerer
  • kan utøve kritisk og sjølvstendig tenking og presentere eit velformulert resonnement
Organisering og arbeidsmåtar

Bachelorstudiet er oppbygd slik:

  • PR- og kommunikasjonsemne: 90 studiepoeng
  • Medievitskap: 30 studiepoeng
  • Journalistikk og samfunnskunnskap: 30 studiepoeng
  • Valfrie emne: 30 studiepoeng

I den valfrie delen av studiet har studentane stor fridom til å fordjupe seg i eit sjølvvald fagområde. Her kan ein anten velje medierelaterte emne, t.d. foto eller design, eller ein kan velje fordjuping på andre fagområde, t.d. samfunnsfag, økonomi eller språk. Dei valfrie emna vert valde i samråd med studierettleiar eller faglærar i samband med oppsett av utdanningsplan.

Det er lagt til rette for å gjennomføre 4. semester på ein annan institusjon i Noreg eller utlandet. Studentar med tidlegare fullførte studium i emne/fag frå andre høgskular/universitet i Noreg eller utlandet, kan søkje om å få desse godkjende og innpassa som valfri del av bachelorgraden. I studiet er det lagt opp til stor variasjon i undervisnings- og evalueringsformer. Undervisninga foregår både som forelesingar i store grupper, i mindre seminargrupper og som prosjektarbeid. Praktiske øvingar, både individuelt og i grupper, er også ein viktig del i mange av delemna. Evalueringsformene er varierte, og omfattar m.a. skuleeksamen, heimeeksamen, munnleg høyring og større sjølvvalde oppgåver.

Praksis

Kommunikasjonsutdanninga legg stor vekt på samanhengen mellom teori og praksis. Heilt frå første semester gjennomfører studentane ulike praktiske øvingar og prosjekt. Det første året er det lagt opp til interne oppgåver, seinare kan det vere aktuelt med større prosjekt i samarbeid med interessegrupper, organisasjonar og næringsliv i regionen.

Siste semester legg til rette for at studentar kan ha ekstern praksis i ei relevant kommunikasjonsavdeling eller anna relevant verksemd. Dette kan vere i offentleg forvaltning, i ein organisasjon, i ei bedrift eller i eit PR-byrå. Gjennom ein slik praksis kan studentane få eit unikt innblikk i kommunikasjonsfunksjonen i ulike verksemder og høve til å knyte verdfulle kontaktar med tanke på vidare karriere.

Anna
I deler av studiet er det krav om obligatorisk frammøte. Det blir gitt tilbod om å delta på ein eller fleire studieturar i løpet av utdanninga.
Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem

Ansvarleg
Kristian Fuglseth Tlf. 70 07 54 67 kfu@hivolda.no