See list of study plans starting on:

Norsk (nordisk) 4x15 stp, nettstudium

Studieprogram: 
Norsk (nordisk) 4x15 stp, nettstudium
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2016
Studieplassar: 
150
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Om studiet

Studiet kan utgjere ein del av ein bachelorgrad og kan nyttast som grunnlag for fordjuping i norsk. Med sin særeigne kulturprofil gir studiet også eit godt grunnlag for eit seinare mastergradsstudium i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda.

Gjennom studiet skal studentane tileigne seg kunnskapar som er naudsynte anten dei skal bli norsklærarar eller bruke fagkunnskapen i andre yrkessamanhengar der ein treng kompetanse i norsk. Det gjeld mellom anna informasjonsarbeid og arbeid i presse eller forlag.

Undervisninga i det nettbaserte årsstudiet blir gitt gjennom nettleksjonar og oppgåveskriving med individuell rettleiing.

Normert studietid for heiltidsstudentar er eitt år, for deltidsstudentar to år. Ein bestemmer sjølv om ein vil ta alle fire emna (fullt årsstudium) eller delar av studiet.

Studiet vert også tilbydd samlingsbasert utan studieavgift.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar

Etter fullført studium skal studenten

  • ha grunnleggande kunnskapar om norsk (nordisk) språk og litteratur i fortid og notid 
  • vere i stand til å gjere greie for korleis språk og tekst fungerer i praktisk og kulturell samanheng 
Ferdigheiter

Etter fullført studium skal studenten vere fortruleg med metodiske hovudprinsipp for analyse av språk og tekst i ulike sjangrar

Generell kompetanse

Etter fullført studium skal studenten

  • kunne formulere ein samanhengande, resonnerande tekst i samsvar med generelle krav til akademisk oppgåveskriving
  • ha solide ferdigheiter i nynorsk og bokmål
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er sett saman av fire emne på 15 studiepoeng kvar, to i språkkunnskap og to i litteraturkunnskap. Kvart emne er delt inn i tre tyngdepunkt. Dei to haustemna gir grunnleggande innføring i nordisk språk- og litteraturvitskap. Ein rår til at studentane tek desse emna først. I vårsemestret har både det språklege og det litterære emnet eit kulturelt perspektiv.

Studentane tek eksamen i kvart emne. Arbeidskrav og eksamensoppgåver i to av emna skal skrivast på bokmål og i to av emna på nynorsk. I evalueringa av eksamenssvara blir det lagt vekt både på fagleg og språkleg dugleik.

Norsk nettstudium, heiltid, oppstart haust
Navn: 
Norsk nettstudium, heiltid, oppstart haust
Norsk nettstudium, heiltid, oppstart vår
Navn: 
Norsk nettstudium, heiltid, oppstart vår
Praksis

Det er ikkje praksis knytt til studiet.

Kostnader

Studiet er delfinansiert med studieavgift kr 16 000 (4 000 pr. emne) + semesteravgift.

Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet blir evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg
Tor Arne Haugen, tor.arne.haugen@hivolda.no, 7007 5326