See list of study plans starting on:

Vidareutdanning for lærarar i religion, livssyn og etikk 2x15 stp, nettstudium

Studieprogram: 
Vidareutdanning for lærarar i religion, livssyn og etikk 2x15 stp, nettstudium
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2016
Studieplassar: 
150
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Gjennomført lærarutdanning

Om studiet

Studiet gir grunnlag for undervisning i faget Kristendom, religion, livssyn og etikk i grunnskulen. Om ein byggjer på med 30 stp. gir studiet grunnlag for undervisning i Religion og etikk i vidaregåande skule.

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

- grunnleggjande kunnskapar om religionar, livssyn, etikk og filosofi

- grunnleggjande forståing for kva religiøs tru, livssyn, etikk og filosofi har å seie for einskildmenneske og for samfunnet

Ferdigheiter

- kan uttrykkje denne kunnskapen skriftleg

Generell kompetanse

- studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheiter sjølvstendig i utdannings- og yrkessamanheng

Organisering og arbeidsmåtar

Studenten vel to av fire valbare emne, eitt om hausten og eitt om våren. Sjå studiemodell.

Studiet er fullstendig nettbasert. Kommunikasjon mellom student og lærarar, leksjonar, oppgåver og eksamen skjer i Fronter.

Religion, livssyn og etikk 2x15 stp, nettstudium
Navn: 
Religion, livssyn og etikk 2x15 stp, nettstudium
Praksis

Det er ikkje knytt praksis til dette studiet.

Kostnader

Studieavgift, kr. 4000 pr. emne + semesteravgift.

Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg
Bente Afset 70075107, Bente.Afset@hivolda.no