Idrett
I starten av studiet er det krav om deltaking i obligatorisk kurs i studieteknikk og oppgåveskriving. Kurset, eller tilsvarande, må vere godkjent for å kunne gå vidare på studiet.
Som student ved Bachelor i idrett får du vere med på spanande fysiske aktivitetar i eit stimulerande fagleg og sosialt miljø. Du får tilgang til gode fasilitetar som idrettshall, symjehall, treningsbaner, treningsrom og testlaboratorium, og sunnmørsnaturen!
Gjennom studiet skal du tileigne deg kunnskap, haldningar og dugleik i idrett og kroppsøving. Det vert fokusert på fagleg verksemd både i skuleverket, i frivillige organisasjonar og ein omfattande fritidsarena. Studieprogrammet skal gi deg personleg og fagleg utvikling både teoretisk og praktisk. Studiet legg vekt på helsefremmande og førebyggjande tiltak med utgangspunkt i idrett/kroppsøving.
Bachelor idrett har minimum 120 stp innan idrett, 60 stp på grunnivå, 60 stp på fordjupingsnivå og 60 stp valfrie emne. Valfrie emne kan gje føringar for yrkeskvalifiseringa og må ha relevans for arbeid med idrett.
Studentar kan gjennomføre delar av studiet ved samarbeidande institusjonar både nasjonalt og internasjonalt, fortrinnsvis i det 3. studieåret. I valfri del 3. studieåret kan studenten søke om godskriving av grunnstudium og fordjupingstudium relevante for arbeid innan idrett frå andre utdanningsinstitusjonar.
Dei obligatoriske emna er samansette av eit stort utval praktiske aktivitetar, teoretiske emne, labøvingar og analyser og undervisnings-/instruksjonspraksis. I fordjupingsemna vert tematikkane utvikla vidare både innan praktiske og akademiske ferdigheiter, her inngår skriving av bacheloroppgåve.
Val av emne i valfri del gir føringar for yrkeskvalifiseringa. Avhengig av valemne vil Bachelorstudiet gje grunnlag for arbeid i skuleverk og organisasjonar m.a i treningsstudiobransjen, forsvaret og friviljuge organisajonar o.a. Studiet er svært relevant for lærarar, trenarar og andre arbeidsgrupper som vil arbeide med fysisk aktivitet/idrett/kroppsøving.
Bachelor i idrett med 180 stp i faget vil gje grunnlag for opptak til PPU i kroppsøving ? (Usikkert pr.10.jan 2017). Bachelorstudiet dannar grunnlag for vidare mastergradsstudium i idrett/kroppsøving.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
Kandidaten
- har kunnskap om eit breitt spekter av sentrale tema, teoriar, problemstillingar, endringsprosessar, analyseverkty og metodar innanfor idrettsfaglege kompetanseområde
- kjenner forsking, nasjonalt og internasjonalt,innan fagfeltet idrett
- har kunnskap, erfaringar og opplevingar i dei ulike disiplinane innanfor fagfeltet idrett
- har kunnskap om fagfeltet idrett si historie, tradisjon, eigenart og samfunnsrelevans
Kandidaten
- kan planleggje, legge til rette, gjennomføre og vurdere fysisk aktivitet for born, ungdom og vaksne
- kan legge til rette for og gjennomføre helsefremmande og førebyggjande tiltak, med særleg vekt på fysisk aktivitet
- har praktisk erfaring med og kan rettleie innan idrett
- har eigenferdigheit i praktiske aktivitetar
- kan reflektere over si eiga faglege utøving og justere denne under rettleiing
- kan bruke relevante faglege analyseverkty, teknikkar og uttrykksformer
Kandidaten
- kan utøve kritisk og sjølvstendig tenking og refleksjon over eigen praksis
- kan presentere og formidle problemstillingar, synspunkt og løysingar, både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer
- har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar
- kan planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekkjer seg over tid, åleine og som deltakar i ei gruppe
- kan formidle og drøfte sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante utrykksformer
- kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar
For å få godkjent bachelorgraden er kravet 180 stp. I bachelor i idrett er kravet minimum 120 stp innan idrett, 60 stp på grunnivå og 60 stp på fordjupingsnivå. Dei resterande 60 studiepoenga er valfrie, der studenten også kan søke om godskriving av utdanning innan idrett eller andre fag frå andre institusjonar. Studentar kan gjennomføre delar av studiet ved samarbeidande institusjonar både nasjonalt og internasjonalt, fortrinnsvis i det 3. studieåret. For å få undervisningskompetanse i det offentlege skuleverket må studenten ha undervisningsfag og pedagogisk utdanning, til dømes PPU. Idrett er godkjent som undervisningsfag.
Undervisninga baserer seg på studentaktive arbeidsmåtar som krev eigenstudium, deltaking og medansvar og veksler mellom plemumsdrøftingar/forelesing, seminar, gruppearbeid, praksis og ekskursjonar, aktivitetar i nærmiljø, ved kysten, på baner, i symjehall og i sal. Opplevingar, observasjonar og erfaringar ein får vil gje grunnlag for drøfting, refleksjon og anna studiearbeid.
Arbeidskrav:
- Observasjon av leik og leikemiljø med etterfyljande presentasjon.
- Gjennomført eigentreningstimar med eigentreningsrapportar slik det går fram av kvart emne
- Godkjent eigenferdigheit i dei praktiske aktivitetane etter krava slik dei er gjort greie for i kursplanane.
- Godkjent idrettsteoriprøve/oppgåver
- Godkjent praktisk-metodiske oppgåver (PMO) med individuell skriftleg rapport.
- Godkjent individuell mappe og seminarpresentasjon Idrettspedagogikk
- Godkjent livbergingsprøve i basseng
- Refleksjonsnotat knytt til tilpassa opplæring.
- Godkjente prosjektarbeidet og labarbeid i IFL 104 og IFL 201)
Eksamen/ vurdering
Gjennomføring og godkjenning av praktiske opplegg og turar der praktisk dugleik og aktiv deltaking, førebuing og etterarbeid blir vurdert til stått/ikkje stått.
Eksamensformene varierer mellom individuell skriftleg og individuell munnleg,
Bacheloroppgåva IFL 206 skal normalt skrivast i gruppe på 2-3 studentar, alternativt munnleg presentasjon 30 min etterfylgt av 15 min munneleg eksaminasjon.
Krav til frammøte:
Det er obligatorisk deltaking på dei fleste praktiske aktivitetar/opplegg, utandørsopplegg og førebuing og etterarbeid i samband med dette jfr "Forskrift om studium og eksamen § 4-6 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/§4-6". Enkelte praktiske opplegg krev 100 % deltaking. Semesterplanene gjev nærare informasjon om obligatoriske delar i studiet.
Progresjonskrav:
IFL101 må takast før IFL104. For å ta 2. studieåret (IFL 201 og IFL 205) må 1. studieåret (IFL 101, IFL 116, IFL 117 og IFL 104) vere fullført. For å ta IFL 202 må IFL 201 vere fullført og for å ta IFL 206 må IFL 201 og IFL 205 vere fullført.
Valemne i 3.studieår skal godkjennast av bachelorkoordinator.
Emne | 2017 Haust | 2018 Vår | 2018 Haust | 2019 Vår | 2019 Haust | 2020 Vår |
---|---|---|---|---|---|---|
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
Tilrådde valbare emne/utveksling | 30 | 30 | ||||
Alternativ A: | ||||||
15 | ||||||
10 | ||||||
5 | ||||||
15 | ||||||
Coaching. Merk: Eget opptak via Høgskulen på Vestlandet, Sogndal | 15 | |||||
Alternativ B: | ||||||
30 | ||||||
30 | ||||||
Alternativ C: | ||||||
30 | ||||||
15 | ||||||
Coaching. Merk: Eget opptak via Høgskulen på Vestlandet, Sogndal | 15 | |||||
Sum (180 total) | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 |
Studiet krev at du har eigna kle og sko til aktivitetar ute og inne. Til orienteringsundervisninga må du ha eige kompass og til skiundervisninga må du ha eigna skiutstyr.
Ein føreset at studentane er fysisk skikka til å vere med på ulike aktivitetar både ute og inne til ulike årstider.
1.studieår:
- I samband med IFL 117 skal studentane vere med på å planleggje og undervise barn og unge med særlige behov i samband med kurs i tilpassa opplæring (Spenningskurset). Omfanget av denne praksisen vil være ca. 20 timar medrekna planlegging/samtale med lærar/rettleiar.
- Studentane skal vidare ha 20 timar instruksjonspraksis i idrettslag/frivillige institusjonar eller skular som dei skaffar seg sjølv. Praksisen skal ikkje vere rettleia.
2.studieår:
- I samband med Helse, IFL 205, må studentane skaffe seg relevant observasjonspraksis over til saman 4 dagar i skule, institusjon eller anna føretak som driv med helsefremjande arbeid. Observasjonspraksisen kan vere individuell eller i ei lita gruppe (2-3 pers)
- I samband med Skiutdanning,IFL 202, vert det stilt krav om at studentane gjennomfører 20 timar skipraksis i skule, idrettslag eller annan organisasjon i løpet av studiet.
Studentar kan gjennomføre delar av studiet ved samarbeidande institusjonar internasjonalt, fortrinnsvis i det 3. studieåret evnt. 6. semester.
Materialpengar på emne IFL 101, IFL 116, IFL 117; IFL 104, IFL 201, IFL 205 og IFL 202 på 200 kroner.
Studentene må sjølv sørge for transport til og fra samlingar og turar, samt dekke økonomiske utgifter til desse turane. Eigenandelen til Spenningskurset er på 350 kr.
Studentar som ikke har høve til å delta på turane må søke om et alternativt opplegg.
Som alternativ til å reise på samling må studentane framvise dokumentasjon på at læringsmåla knytt til den einskilde samlinga blir oppfylt. Ein plan for alternativt opplegg må godkjennast av emneansvarlig og dekan i god tid på førehand. Det vert stilt høge dokumentasjonskrav.
Studieprogrammet vert evaluert og kvalitetssikra i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.