Religion, livssyn og etikk
Studiet gir grunnleggjande kunnskapar om religionar, livssyn, etikk og filosofi. Saman med praktisk pedagogisk utdanning kan studiet kvalifisere for undervisning i KRLE på mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskulen og i RE i vidaregåande skule. Studiet gir innsikt i religions- og livssynmangfaldet i Noreg, og er derfor viktig for fleire yrkesgrupper som møter slikt mangfald, t.d. i helsesektoren, i media og i kyrkja. Dei ulike emna i årsstudiet i RLE kan innpassast i ulike bachelorgrader.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram
Studenten skal etter endt studium
- ha grunnleggjande kunnskapar om religionar, livssyn, etikk og filosofi
- ha grunnleggjande forståing for kva religiøs tru, livssyn, etikk og filosofi har å seie for einskildmenneske og for samfunnet
- har kunnskap om religionsfaget i norsk skule
Studenten skal utvikle
- analytisk kompetanse i å tolke tekster og andre kulturuttrykk
- evna til å uttrykkje kunnskapen skriftleg i oppgåver og på eksamen og munnleg i framlegg og samtale i klasserom
Studenten skal utvikle evna til sjølvstendig refleksjon og kritisk tenking som er viktig i andre studium og i arbeidslivet.
Studiet består av fire obligatoriske emne. REL111, REL112, REL113 og REL116.
Det vert tilbod om ein ekskursjon til Redbridge i London i haustsemesteret, der ein vitjar skular og ulike religiøse samfunn (med atterhald om nok påmeldte). Sjå emneplan for REL112.
Undervisninga har form av førelesingar, seminar, gruppearbeid. Ulike arbeidskrav er knytt til kvart enkelt emne. Undervisinga er obligatorisk.
Emne | 2017 Haust | 2018 Vår |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
Sum (60 total) | 30 | 30 |
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.