See list of study plans starting on:

Religion, livssyn og etikk

Studieprogram: 
Religion, kultur og samfunn - årsstudium (samlingsbasert)
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2016
Studieplassar: 
50
Studietype: 
Årsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Om studiet

Studiet gir grunnleggjande kunnskapar om religionar, livssyn, etikk og filosofi. Saman med praktisk pedagogisk utdanning kan studiet kvalifisere for undervisning i RLE på mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskulen og i RE i vidaregåande skule. Studiet gir innsikt i religions- og livssynmangfaldet i Noreg, og er derfor viktig for fleire yrkesgrupper som møter slikt mangfald, t.d. i helsesektoren, i media og i kyrkja. Dei ulike emna i årsstudiet i RLE kan innpassast i ulike bachelorgrader.

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram

Kunnskapar

Studenten skal etter endt studium 

ha grunnleggjande kunnskapar om religionar, livssyn, etikk og filosofi

ha grunnleggjande forståing for kva religiøs tru, livssyn, etikk og filosofi har å seie for einskildmenneske og for samfunnet

har kunnskap om religionsfaget i norsk skule

Ferdigheiter

Studenten skal utvikle

analytisk kompetanse i å tolke tekster og andre kulturuttrykk

evna til å uttrykkje kunnskapen skriftleg i oppgåver og på eksamen og munnleg i framlegg og samtale i klasserom

Generell kompetanse

Studenten skal utvikle evna til sjølvstendig refleksjon og kritisk tenking som er viktig i andre studium og i arbeidslivet.  

Organisering og arbeidsmåtar

Studiet består av fire obligatoriske emne. REL111, REL112, REL113 og REL116.

Det inngår ein ekskursjon til Redbridge i London i haustsemesteret, der ein vitjar skular og ulike religiøse samfunn (med atterhald om nok påmeldte). Sjå emneplan for REL112.

Undervisninga har form av førelesingar, seminar, gruppearbeid. Ulike arbeidskrav er knytt til kvart enkelt emne. Undervisinga er obligatorisk.

 

Årsstudium i Religion, livssyn og etikk
Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg
Jostein Garcia de Presno, tlf. 70075479, e-post jostein.garcia.de.presno@hivolda.no