Rus – samfunnsproblem, førebygging og behandling (studiestart haust)
Frå 1970-talet har det vore ei stor auke i alkoholforbruket i Noreg. Måten nordmenn bruker alkohol på er også i endring, mellom anna drikk nordmenn alkohol oftare enn før. Forskarar melder om at haldningane til alkoholbruk har vorte meir liberale, og at det er akseptert og vanleg å bruke alkohol i fleire samanhengar enn tidlegare. Slike endringar kan føre til at fleire får problem som følgje av eigen eller andre sin alkoholbruk, og til at kunnskap om rusmiddelproblematikk vert viktigare for yrkesutøvarar på mange ulike felt.
Bruken av ulike narkotiske stoff er også eit vedvarande problem i det norske samfunnet. Dei siste åra har særleg unge sin bruk av cannabis fått mykje merksemd blant forskarar, behandlarar, politikarar og i media, og effektane av slik bruk er omdiskuterte. Vidare skaper rapportar om nye syntetiske rusmiddel som kan kjøpast over internett uro.
Hjelpetiltaka for personar med rusproblem er inne i ein omstillingsfase. Helse- og sosialtilboda til denne gruppa vert styrka, og ansvars- og arbeidsfordelinga på hjelparsida vert omorganisert. Endringane stiller dei som arbeider i rusomsorga, overfor nye og store utfordringar, og det er behov for oppdatert kunnskap om hjelpetiltak og strukturelle føringar på rusfeltet.
Studieprogrammet er eit svar på desse utfordringane, og siktemålet er å gje studentane tverrfagleg og oppdatert kunnskap om rusmiddelbruk, forståings- og behandlingsmodellar, samt strukturelle føringar på rusfeltet.
Sentrale tema:
- Rusmiddelbruken sine sosiale funksjonar
- Rusmiddelbruk i juridisk, helse- og sosialpolitisk perspektiv
- Rusmiddelbruk i ulike livsfasar, i familien og i arbeidslivet
- Rusmiddelbruk og sjølvmord
- Etikk og menneskesyn i arbeidet med rusrelaterte problem
- Ulike forståingsmodellar: det ideologiske og teoretiske grunnlaget for behandling
- Aktuelle behandlingsmåtar for personar som har rusproblem, og kva slags vurderingar som må liggje til grunn for val av metode
Studiet kan gå inn som valfri del av Mastergrad i helse- og sosialfag: Meistring og myndiggjering, og i Mastergrad i samfunnsplanlegging og leiing.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten skal ha
- inngåande kunnskap om viktige trekk ved rusmiddelbruken til ulike grupper i Noreg
- avansert kunnskap om ulike måtar å forstå rusmiddelbruk og rusavhengigheit på
- inngåande kunnskap om ulike rusbehandlingstiltak og deira faglege grunnlag
- inngåande kunnskap om kva rusførebyggande arbeid er og kva det kan vere
Studenten skal kunne
- hente inn og presentere samfunnsvitskapleg og psykologisk forsking og teoriar om rusmiddelbruk, rusåtferd og rusmiddelproblem
- forstå og analysere rusmiddelbruk, rusåtferd og rusproblem som samfunnsskapte og kulturavhengige fenomen
- kritisk vurdere ulike behandlingstiltak på rusfeltet
Studenten skal ha
- evne til å reflektere kritisk over ulike forståingar av rusmiddelbruk, rusmiddelbrukarar og rusproblem som han eller ho møter i yrkessamanheng
- evne til kritisk refleksjon over eiga rolle som profesjonell i møte med menneske med rusproblem og deira pårørande
Studiet gir deltakarane muligheit til å utvikle si evne til å møte rusproblem på ein løysingsorientert måte på arbeidsplassen, i familien og andre stader. I løpet av studiet vil studentane få eit breitt nettverk av kollegaer som arbeider med rus- og avhengigheitsproblematikk innanfor helse- og sosialtenestene og på andre felt av samfunnslivet der ein møter rusproblem.
Studiet er delt i to emne: Rus som kulturelt og sosialt fenomen og Tiltak mot rusproblem. Begge emna er organisert med tre studiesamlingar gjennom eitt semester, og kvar samling er på fire dagar. Studiet kombinerer førelesingar med fleire andre læringsformer, slik som seminar, sjølvstudium og oppgåveskriving med rettleiing av erfarne lærarar.
Det er krav om minst 75 % frammøte på samlingane.
Emne | 2017 Haust | 2018 Vår |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem